Våpenkvile
Våpenkvile er ein avtale mellom krigførande partar som avbryt kamphandlingar på ubestemt tid. Våpenkvila er ein modus vivendi og er ikkje det same som fredsslutning, noko det kan ta månader og år å koma fram til.
Våpenkvila som avslutta kamphandlingane i Koreakrigen er eit eksempel på ein våpenkvile som ikkje er etterfølgd av ein fredsavtale. Ei anna kjend våpenkvile fann stad 11.11 klokka 11 i 1918 og avslutta den fyrste verdskrigen.