Verdens Gang
- «VG» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå VG (fleirtyding).
Verdens Gang (VG) er ei norsk avis, i daglegtale kalla VG. Verdens Gang var i 2004 den største avisa i Noreg. Ansvarleg redaktør for VG er Gard Steiro.[1]
Verdens Gang | |||
| |||
Type | Dagsavis | ||
---|---|---|---|
Format | Tabloid | ||
Oppretta | 23. juni 1945 | ||
Første trykk | 23. juni 1945 | ||
Målform | Bokmål | ||
Eigarskap | Schibsted ASA (100%) | ||
Opplag | 138 188 (2014) | ||
Redaksjonskontor | Akersgata 55 | ||
Postnummer | 0180 | ||
Stad | Oslo | ||
Ansvarleg redaktør | Torry Pedersen (2011) | ||
Politisk redaktør | Hanne Skartveit (2009) | ||
Nyhenderedaktør | Helje Solberg (2009) | ||
Kulturredaktør | () | ||
Nettstad | VG.no |
Historie
endreVerdens Gang si nettavis var i 2004 den største norskspråklege nettavisa føre NRK si nettavis. Sistnemnde var dessutan den andre norske avisa som lanserte si nettutgåve.
Medlemer av motstandsrørsla starta avisa kort tid etter frigjeringa i 1945. Første nummer av avisa kom ut 23. juni 1945. Avisa er partipolitisk uavhengig. VG er i dag eigd av mediekonsernet Schibsted, som òg eig Aftenposten i tillegg til postar i dei fleste større norske regionaviser.
8. november 2014 klokka 10.00 starta Verdens Gang sendingar på norsk fjernsyn, men ein har berre tilgang til kanalen om ein er kunde hjå Canal Digital.[2]
Opplagstal
endreUtvikling i nettoopplag.[3]
År | Nettoopplag |
---|---|
2000 | 375 983 |
2001 | 387 508 |
2002 | 390 510 |
2003 | 380 190 |
2004 | 365 266 |
2005 | 343 703 |
2006 | 315 549 |
2007 | 309 610 |
2008 | 284 414 |
2009 | 262 374 |
2010 | 233 295 |
2014 | 138 188 |
Kjelder
endre- ↑ «Dette er VG» (på norsk bokmål). Verdens Gang. Henta 14. mars 2023.
- ↑ «VG med ny TV-kanal». Canal Digital. 2. juli 2014. Henta 8. oktober 2014.
- ↑ Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Historisk utvikling i Vginfo.vg.no. Arkivert 2004-12-21 ved Wayback Machine.
- Verdens Gang i Medieregisteret.no. Arkivert 2005-03-31 ved Wayback Machine.