Vidar Sandbeck

norsk visesanger, visedikter og forfatter

Vidar Sandbeck (21. juli 191810. november 2005) var ein norsk visesongar, visediktar og forfattar frå Åsta i Åmot kommune.

Vidar Sandbeck

Fødd21. juli 1918
FødestadÅsta i Åmot
Død10. november 2005 (87 år)
DødsstadÅmot
OpphavNoreg
Verka somsongar-låtskrivar, forfattar, plateartist, visesanger
PrisarKongens fortenestmedalje, Språklig samlings litteraturpris, Hedmark fylkeskommunes kulturpris, Tekstforfatterfondets ærespris, Spellemannprisen i visesang, Juryens hederspris i Spellemannprisen

Biografi

endre

Sandbeck voks opp i tronge kår og levde eit omskifteleg liv før han etablerte seg med tekst og tonar som profesjon.

Han debuterte i 1954 med visesamlinga I døragløtten, og fekk gjennombrotet sitt som visesongar med Pengegaloppen i 1959. Etter knallsuksessen med den gjerrige gubben som «sat i kveldinga» og talde pengar, vart Sandbeck fast tilsett i Otto Nielsen sitt vekefaste radioprogram Søndagsposten. I Barnetimen for dei minste nådde han gjennom 20 år ein popularitet som kunne måle seg med Alf Prøysen og Anne-Cath. Vestly. Dei fleste av radioforteljingane hans er gjevne ut i bokform.

Litterært nådde han høgda i åra rundt 1980, med to seriar sorgmuntre barndomserindringar; åtte band barnebøker og seks band med romanar for vaksne.

Utmerkingar

endre

Diskografi

endre

Album

endre
  • 1965: Vidar Synger Sandbeck
  • 1973: Fra viseskuffen
  • 1975: Kan Du Låne Bort en Femmer?
  • 1981: Påsans viser
  • 1992: Legende
  • 2003: Jordbærstrå (samlealbum)
  • 2003: En fergemanns vise (samlealbum)
  • 2003: Gull og grønne skoger (tolka av andre artistar)

Kjelder

endre
  NODES