Vilt, ville dyr eller villdyr er omgrep som primært vert nytta om pattedyr som lever og formeirar seg fritt i naturen. Dyra vert ofte kalla vilt når dei kan jaktast på. Omgrepet vert delt inn i småvilt og storvilt.

Elg er definert som storvilt.
Hare er definert som småvilt.
Grågås er fuglevilt.

Omgrepet villdyr vert ofte nytta om dyr som kan ha aggressiv åtferd, for eksempel kattedyr, hundedyr eller bjørnar. Uttrykket vert også nytta for å beskrive menneskeleg åtferd, for eksempel om personar som utfører spesielt vågale handlingar.

I den norske viltlova frå 29. mai 1981 vert vilt definert som «alle viltlevende landpattedyr og fugler, amfibier og krypdyr».[1]

Sjå også

endre

Kjelder

endre
  1. Lov om jakt og fangst av vilt (viltloven), Lovdata 
  Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  NODES