Vulkaneksplosivitetsindeks
Vulkaneksplosivitetsindeks (VEI) er eit relativt mål på eksplosiviteten til eit vulkanutbrot.
Volumet av utkasta masse, skyhøgda til utbrotet og kvalitative observasjonar (med uttrykk frå «mild» til «megakolossal») vert nytta for å avgjere indeksen. Skalaen har ein open ende, og dei største vulkanane i historia er gjevne storleik 8. Ein verdi på 0 er gjeven til ikkje-eksplosive utbrot (mindre enn 104 kubikkmeter med tefra vert kasta ut) og ein verdi på 8 representerer eit megakolossalt utbrot som kan kaste ut 1012 kubikkmeter tefra og ha ei oskesøyle med ei høgd på over 25 km. Kvart intervall på skalaen er ei tidobling utkasta masse av den førre.
Merk at oske, vulkanske bomber og ignimbritt alle vert handsama likt. Ein svakheit med VEI er at han ikkje tar med eksplosjonskrafta i utbrotet, men dette er igjen nesten umogeleg å påvise med førhistoriske utbrot eller utbrot som ikkje vert observert.
Klassifisering
endreForskarar måler kor kraftige vulkanutbrota er ved å nytte VEI, vulkaneksplosivitetsindeksen. Han gjev eit mål på kor mykje masse vulkanen spyr ut, kor høgt utbrotet går og kor lenge det varer. Skalaen går frå 0 til 8 og ein vulkan med VEI på 1 er 10 gongar kraftigare enn ein vulkan med VEI på 0.
VEI | Klassifisering | Skildring | Oskesky | Utkasta volum | Hyppigheit | Døme | Hendingar * |
---|---|---|---|---|---|---|---|
0 | Hawaiiutbrot | ikkje-eksplosivt | < 100 m | < 10,000 m³ | dagleg | Mauna Loa | mange |
1 | Hawaii/Strombolisk | mildt | 100–1000 m | > 10,000 m³ | dagleg | Stromboli | mange |
2 | Strombolisk/Vulkaniansk | eksplosivt | 1–5 km | > 1 000 000 m³ | vekentleg | Galeras (1993) | 3477* |
3 | Vulkaniansk/Peleansk | kraftig | 3–15 km | > 10 000 000 m³ | årleg | Nevado del Ruiz (1985) | 868 |
4 | Peleansk/Pliniansk | katastrofalt | 10–25 km | > 0,1 km³ | ≥ 10 år | Soufrière (1995) | 278 |
5 | Pliniansk | paroxysmisk | > 25 km | > 1 km³ | ≥ 50 pr | St. Helens (1980) | 84 |
6 | Pliniannsk/Ultra-Pliniansk | kolossalt | > 25 km | > 10 km³ | ≥ 100 år | Pinatubo (1991) | 39 |
7 | Pliniansk/Ultra-Pliniansk | superkolossalt | > 25 km | > 100 km³ | ≥ 1000 år | Tambora (1815) | 5 (+ kanskje to til) |
8 | Ultra-Pliniansk | megakolossalt | > 25 km | > 1 000 km³ | ≥ 10 000 år | Toba (73 000 år sidan) | ingen |
* Talet på utbrot dei siste ti tusen åra er basert på tal frå 1994 frå Global Volcanism Program til Smithsonian Institution
Merk at det er ein diskontinuitet i definisjonen til VEI mellom indeks 1 og 2. Den nedre grensa til utkasta volum hoppar med ein faktor på 100 frå 10 000 til 1 000 000 m³ medan faktoren er 10 mellom alle høgare indeksar.
Liste over utbrot
endreMerk at det ikkje har fore eit VEI-8-utbrot dei siste ti tusen åra. Oruanuiutbrotet ved Taupo er truleg det nyaste, for 26 500 år sidan. Det finst ein teori som går ut på at Det minoiske utbrotet til Santorini kan ha vore dobbelt så kraftig som ein først har trudd. Dette er i så fall kraftigare enn Tambora sitt utbrot i 1815.[1]
Sjå òg
endreFotnotar
endre- ↑ McCoy, F. W. and Dunn, S., 2002, Modelling the Climatic Effects fo the LBA Eruption of Thera: New Calculations of Tephra Volumes May Suggest a Significantly Larger Eruption than Previously Reported [abst.]; Proceedings of the Chapman Conference on Volcanism and the Earth’s Atmosphere, Am. Geophysical Union, Santorini, Greece: 21-22.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Volcanic Explosivity Index» frå Wikipedia på engelsk, den 3. oktober 2007.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Christopher G. Newhall; Steve Self (1982). «The volcanic explosivity index (VEI): An estimate of explosive magnitude for historical volcanism». Journal of Geophysical Research 87 (C2): 1231–1238.
- Ben G. Mason; David M. Pyle, and Clive Oppenheimer (2004). «The size and frequency of the largest explosive eruptions on Earth» (PDF). Bulletin of Volcanology 66 (8): 735–748. doi:10.1007/s00445-004-0355-9. Henta 14. juli 2006.