Weiße Elster ('Kvite Elster', tsjekkisk Bílý Halštrov) er ei 257 km lang elv i Tsjekkia og Tyskland, og ei av sideelvane til Saale frå høgre. Ho har sitt utspring lengst vest i Tsjekkia, nær . Etter nokre kilometer renn ho over grensa til Tyskland. I Tyskland renn ho gjennom bundeslanda Sachsen, Thüringen og Sachsen-Anhalt.

Weiße Elster
elv
Elsterdalen
Land  Tyskland,  Tsjekkia
Lengd 257 km
Kjelde Vest i Tsjekkia
 •  høgd 724 moh.
Munning Saale
Kart
Weiße Elster
50°12′01″N 12°16′20″E / 50.200277777778°N 12.272222222222°E / 50.200277777778; 12.272222222222
Wikimedia Commons: Weiße Elster
Kjelda til Kvite Elster

Weiße Elster renn gjennom byane Plauen, Greiz, Gera, Zeitz og Leipzig, og munnar ut i Saale ved Halle.

Det finst òg ei elv kalla Schwarze Elster i Aust-Tyskland.

Elva er kjend for staden der den polske prinsen og den franske marskalken Józef Antoni Poniatowski døydde i 1813 under Napoleonskrigane.

Kjelder

endre
  NODES