Økoregion er eit omgrep for eit større land- eller vassområde med særeige klima, fysisk geografi, jordsmonn/vatn og flora og fauna. Det er mindre enn ei økosone, og er definert av faktorar som miljø, geologi og geografi. Økoregionane har sjeldan klare, fastsette grenser, men er område der visse økologiske prosessar finn stad.

Skisse av utbreiinga til tornekrattskogane sør på Madagaskar. 95 % av plantane i denne økoregionen er endemiske for regionen.[1]
Tornekrattskog ved Ifaty med ulike typar baobab (Adansonia). Alluaudia procera og annan vegetasjon.

Økoregionar kan til dømes omfatta øygrupper, sjøar (både innsjøar og delar av hav), skogs- eller steppeområde og ørkenar. WWF har utarbeidd lister over ulike økoregionar i verda. Innan miljøvern vil det vera viktig å verna kvar økoregion for å ta vare på artar og samspel som berre finst der.

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre
  1. worldwildlife.org
  • Ecoregions, worldwildlife.org
  • Park, Chris. «ecoregion». I A Dictionary of Environment and Conservation. Oxford University Press, 2007.
  NODES