Øya St. Tomas
St. Tomas (bulgarsk св. Тома, sv. Toma) eller Slangeøya (Змийски остров, Zmijski ostrov) er ei bulgarsk øy i Svartehavet, 15 km sør for Sozopol. Ho har eit areal på 3 000 m²[1] og er del av Ropotamo naturreservat.
St. Tomas | |||
øy | |||
Land | Bulgaria | ||
---|---|---|---|
Areal | 0,0120 km² | ||
Folketal | 0 | ||
St. Tomas øy 42°20′29″N 27°44′03″E / 42.341472222222°N 27.734027777778°E | |||
Wikimedia Commons: St. Thomas Island |
St. Thomas er kalla opp etter eit kapell vigd til Apostelen Tomas, som ein gong låg på øya. Det andre namnet, Slangeøya, kjem av dei mange grå vasslangane som finst på øya, og som lever av fisk.
Øya er den einaste staden i Bulgaria med viltveksande kaktusar. Dei vart tatt med frå Bratislava og planta her etter ordre frå tsar Boris III i 1933. Sidan då har dei spreidd seg og dekt det meste av øya.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «St. Thomas Island» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2007.
- ↑ www.monisub.com, arkivert frå originalen 11. mars 2007, henta 27. februar 2007