Det kyrilliske alfabetet
А Б В Г Ґ Д Ђ
Ѓ Е Ё Є Ж Ѕ З
И І Ї Й Ј К Л
Љ М Н Њ О П Р
С Т Ћ Ќ У Ў Ф
Х Ц Ч Џ Ш Щ Ъ
  Ы Ь Э Ю Я  
Utgåtte teikn
Ҁ Ѹ Ѡ Ѿ Ѻ Ѣ ІА
Ѥ Ѧ Ѫ Ѩ Ѭ Ѯ Ѱ
    Ѳ Ѵ Ѷ    

Я (Я я; kursiv Я я) er ein kyrillisk bokstav som ofte blir kalla ja. Han er den siste bokstaven i det belarusiske, bulgarske, russiske og det ukrainske alfabetet.[1]

I moderne slaviske språk blir bokstaven brukt i russisk, kviterussisk og ukrainsk til å uttrykka /ja/ i byrjinga av ord eler etter ein vokal og /a/ etter ein palatalisert konsonant, og i bulgarsk til /ɐ/ i trykksvake stavingar og til /ɤ̞/ (ein o-aktig midtre bakre urunda vokal) i trykksterke verb og enden av bestemte artiklar. Han finst òg i mongolsk og mange uralske, kaukasiske og tyrkiske språk brukt i område som tillhøyrde Sovjetunionen.

Я er avleidd av bokstaven jus (Ѧ ѧ) i det gamle kyrilliske alfabetet. Han blei utvikla gjennom russisk kursivskrift (skoropis’) ved at den venstre foten gradvis blei kortare før han forsvann heilt. Den midtre foten blei flytta mot venstre.

Я i andre alfabet

endre

Я ser ut som ein speglvendt stor R, og blir av og til brukt som dette i juksekyrillisk. Bokstaven er mellom anna brukt i logoen til musikkgruppa Korn, som «KoЯn».

Kjelder

endre
  1. Bjørnflaten, Jan Ivar; Johansen, Pål; Bosoni, Jørgen G. (23. august 2023). «kyrillisk – alfabet». Store norske leksikon (på norsk). 


  NODES