16. februar
dato
16. februar er den 47. dagen i den gregorianske kalenderen. Det er 318 dagar att av året (319 under skotår).
Merkedag
endreNasjonaldag i Litauen |
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
endreReligiøs helgedag
endreBevegelege heilagdagar som fell på 16. februar i 2024:
Namnedag
endreNoreg | Julian, Juliane og Jill |
Sverige | Julia og Julius |
Danmark | Juliane |
Hendingar
endreUtlandet
endre- 1880: Asteroiden 213 Lilaea vart oppdaga.
- 1918: Litauen erklærte sjølvstende frå Russland.
- 1936: Vinter-OL 1936 vart avslutta i Garmisch-Partenkirchen.
- 2005: Kyotoprotokollen for avgrensing av utslepp av klimagassar tredde i kraft.
Noreg
endre- 1814: På stormannsmøtet på Eidsvoll vart det avgjort at det skulle kallast inn ei riksforsamling som skulle gje Noreg ein konstitusjon.
- 1912: Regjeringa til Wollert Konow (SB) måtte gå av. Konow hadde i ein tale stilt seg positiv til landsmål (nynorsk).
- 1940: Altmarksaka Det britiske krigsskipet HMS Cossack sette fri britiske krigsfangar om bord på det tyske tankskipet Altmark. Skipa var i den norske Jøssingfjorden.
Fødde
endre- Sjå òg Fødde den 16. februar.
- 1497: Philipp Melanchthon, tysk humanist og teolog
- 1830: Lars Hertervig, norsk kunstmålar
- 1834: Ernst Haeckel, tysk biolog
- 1932: Pål Kraby, norsk høgsterettsadvokat
- 1941: Kim Jong-il, nordkoreansk statsleiar
- 1954: Kjartan Hatløy, norsk forfattar
- 1959: John McEnroe, amerikansk tennisspelar
Døde
endre- Sjå òg Døde den 16. februar.
- 1279: Kong Alfonso III av Portugal
- 1318: Hertug Erik Magnusson, far til kong Magnus Eriksson av Noreg og Sverige
- 1896: J.A. Friis, norsk språkforskar og forfattar
- 1934: Ivar Mortensson-Egnund, norsk forfattar, gjendiktar, redaktør, målmann og prest
- 1982: Thelonious Monk, amerikansk jazzmusikar
- 1992: Sven Delblanc, svensk forfattar og litteraturhistorikar