8. april
dato
8. april er den 98. dagen i den gregorianske kalenderen (99. under skotår). Det er 267 dagar att av året.
Merkedag
endreNasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
endre
Nasjonaldagen til romfolket (sigøynarane) og romanifolket (tatarane, dei reisande). Dagen blei først markert den 8. april 1972 då flagget og nasjonalsongen vart fastsett i London i England. |
Religiøs helgedag
endreBevegelege heilagdagar som fell på 8. april i 2024:
Namnedag
endreNoreg | Asle og Atle |
Sverige | Nadja og Tanja |
Danmark | Janus |
Helgendag i den katolske kyrkja:
Hendingar
endreUtlandet
endre- 217: Den romerske keisaren Caracalla blei drepen og etterfølgd av Macrinus.
- 1378: Bartolomeo Prignano blei vald til pave etter Gregorius XI og tok namnet Urban VI. Dette innleidde det stora skismaet, som kom til å vara fram til 1417.
- 1455: Alfonso de Borja blei vald til pave etter Nikolas V og tok namnet Calixtus III.
- 1767: Kongedømet Ayutthaya fall for burmesiske erobrarar.
- 1835: Den første transatlantiske dampskipruta opna.
- 1904: Frankrike og Storbritannia inngjekk avtalen Entente cordiale.
- 1942: Andre verdskrigen. Japanese styrkar tok Bataan på Filippinane.
Noreg
endre- 1940: Andre verdskrigen. Britane minela Vestfjorden i Nordland i eit forsøk på å stoppa den tyske jernmalm-trafikken frå Narvik.
- Rundt 200 døydde då det tyske troppetransportskipet «Rio de Janeiro» blei torpedert av ein ubåt utenfor Lillesand.
- 1948: Strong av Oslo havarerer utanfor Eigersund og ni mann bleiv.
- 1973: «Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep» (no Framstegspartiet) vart tufta under eit folkemøte på Saga Kino i Oslo.
- 1975: Kong Olav V opnar Haugesund lufthamn, Karmøy.
Fødde
endre- Sjå òg Fødde den 8. april.
- 1605: Kong Filip IV av Spania
- 1818: Kong Kristian IX av Danmark
- 1859: Edmund Husserl, tysk filosof
- 1883: Olav Midttun, norsk forlagsmann og målmann
- 1912: Sonja Henie, norsk idrettsutøvar og filmskodespelar
- 1916: Arthur Berg, norsk journalist og målmann
- 1920: Ingmar Relling, norsk møbeldesignar
- 1930: Kåre Lunden, norsk historikar
- 1934: Frans Widerberg, norsk målar
- 1938: Kofi Annan, ghanesisk diplomat
- 1944: Odd Nerdrum, norsk målar
- 1951: Geir Haarde, islandsk politikar
- 1964: Dordi Nordby, norsk idrettsutøvar
Døde
endre- Sjå òg Døde den 8. april.
- 632: Kong Charibert II av Aquitaine
- 1143: Keisar Johannes II Komnenos av Austromarriket
- 1492: Lorenzo de' Medici, italiensk statsmann
- 1909: Venceslaus Ulricus Hammershaimb, færøysk prest og filolog, opphavsmann til det moderne færøyske skriftspråket.
- 1950: Vatslav Nizjinskij, polsk-russisk ballettdansar
- 1973: Pablo Picasso, spansk kunstnar
- 2013: Margaret Thatcher, britisk statsminister