Abu Ghraib (arabisk أبو غريب, Abū Ghurayb) er ein by i Bagdad guvernement i Irak, like vest for Bagdad, eller nordvest for Bagdad internasjonale flyplass. Byen hadde i 2003 189 000 innbyggjarar. Den gamle vegen til Jordan går gjennom Abu Ghraib.

Abu Ghraib
مدينة أبو غريب
by
Land  Irak
Guvernement Bagdad guvernement
Koordinatar 33°17′31″N 44°3′56″E / 33.29194°N 44.06556°E / 33.29194; 44.06556
Folketal 189 000  (2003)
Kart
Abu Ghraib
33°17′31″N 44°03′56″E / 33.291944444444°N 44.065555555556°E / 33.291944444444; 44.065555555556
Kart som viser Abu Ghraib.
Kart som viser Abu Ghraib.
Kart som viser Abu Ghraib.
Wikimedia Commons: Abu Ghraib

Abu Ghraib var kjend for Abu Ghraib babymjølkfabrikk, som vestlege etterretningsagentar meinte kunne vere eit produksjonsanlegg for biologiske våpen, mellom anna i opptakten til Irakkrigen.[1][2]

Byen var òg kjend for Abu Ghraib-fengselet, som var ein av stadane der politiske dissentar vart fengsla av den tidlegare herskaren Saddam Hussein. Tusenvis av dissentane vart tortuerte og avretta her. Etter Saddam Hussein fall, vart fengselet nytta av dei amerikanske styrkane i Irak. I 2003 vart det kjend at soldatar i den amerikanske hæren torturerte og misbrukte fangar i fengselet.[3][4]

Kjelder

endre
  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 11. juni 2016, henta 22. februar 2020 
  2. https://theintercept.com/2015/10/07/a-short-history-of-u-s-bombing-of-civilian-facilities/
  3. Greenwald, Glenn. «Other government agencies». Salon.com. Arkivert frå originalen 12. februar 2008. Henta 16. februar 2020. 
  4. Hersh, Seymour M. (17. mai 2004). «Chain of Command». The New Yorker. Henta 16. februar 2020. 
  NODES
INTERN 1