Acqui Terme

kommune i Italia

Acqui Terme er ein by og ein kommune i provinsen Alessandria i regionen Piemonte i Italia. Kommunen har 19 000 ibuarar og eit flatemål på 33,4 km². Byen ligg 34 kilometer sørvest for provinshovudstaden Alessandria.

Acqui Terme
by
Land  Italia
Areal 33,3 km²
Folketal 18 967 (1. januar 2023)[1]
Kart
Acqui Terme
44°40′34″N 8°28′07″E / 44.676111111111°N 8.4686111111111°E / 44.676111111111; 8.4686111111111
Wikimedia Commons: Acqui Terme

Byen er kjent for sine varme svovelkjelder, som var kjende allereie i romersk tid.[2] Ei av dei ligg i sentrum av byen. I 1870 utforma Giovanni Ceruti ein liten paviljong, kjend som La Bollente, for staden i byen der vatnet når temperaturar opptil 75 °C.

Framstilling av vin er ei viktig næring i kommunen. Han er ein av dei viktigaste kommunane innan DOCG-området Brachetto d'Acqui.[3]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://demo.istat.it/?l=it.
  2. «Acqui». 1911 Encyclopædia Britannica. Volume 1. 
  3. Bastianich, J.; Lynch, D. (2005). Vino Italiano. Crown Publishing. s. 132, 153, 419. ISBN 1-4000-9774-6. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Acqui Terme
  NODES