Addisons sjukdom
Addisons sjukdom er ein sjukdom som kjem av nedsett produksjon av hormon frå binyrebarken. Symptom er brunfarging av huda, svekka muskelkraft og avmagring. Sjukdommen vert behandla med kortison. Namnet kjem frå den britiske legen Thomas Addison.