Alan Richard James Skidmore (fødd 21. april 1942) er ein tenorsaksofonist innan jazz og blues og son av saksofonisten Jimmy Skidmore.

Alan Skidmore
Fødd21. april 1942
London i England
FødestadLondon
FødenamnAlan Richard James Skidmore
OpphavStorbritannia
SjangerJazz
InstrumentTenorsaksofon
Verka somkomponist, saksofonist, jazzmusikar, musikar, arrangør
FarJimmy Skidmore

Skidmore starta den profesjonelle karrieren sin som 16-åring og turnerte med komikaren Tony Hancock. Siste halvdel av 1960-åra arbeidde han med John Mayall's Bluesbreakers og gruppa til Ronnie Scott. I 1970-åra var han ein del av storbandprosjektet til Keith Tippett, Centipede og arbeidde mellom anna med Soft Machine, The Nice, Graham Collier, Brotherhood of Breath, Mike Gibbs, Elton Dean, Kate Bush og Curved Air.[1] han har sidan spelt med mange ander musikarar innan blues og jazz, som Chick Corea, Alexis Korner, Georgie Fame og Van Morrison.

Diskografi

endre
  • Once Upon A Time (1969) Deram Records
  • TCB (1970)
  • SOS (1975)
  • Tribute To Trane (1988)
  • From East To West (1992)
  • After the Rain (1998)
  • The Call (2001) - med Amampondo
  • Ubizo (2003) - med Amampondo

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  NODES