Aleksej Navalnyj
Aleksej Anatolievitsj Navalnyj (4. juni 1976–16. februar 2024) var ein russisk politisk aktivist. Han vart kjend gjennom den russiske bloggosfæren og i massemedia på grunn av sosiale kampanjar. Han nytta sjølv den populære LiveJournal-bloggtenesta for å skrive og organisere kampanjar. I hovudsak handla desse kampanjane om korrupsjonen i landet og korleis politiske leiarar og statlege verksemder vanvørda dei russiske lovene. Han skreiv òg i vanlege russiske media som Forbes Russland.
Navalnyj vart arrestert den femte desember i 2011 og dømd til 15 dagar i fengsel.
Etter arrestasjonen vart bloggen hans gjord tilgjengeleg på engelsk. Omsettinga til engelsk vart gjord av aktivistar som ville ha internasjonale reaksjonar og press mot Russland og samstundes beskytte Navalnyj mot dei russiske styresmaktene.
Han vart kalla Russlands Erin Brockovich av Time Magazine og vart Årets namn i Vedmostii 2009. Navalnyj var ein av leiarane under demonstrasjonane i Moskva mot parlamentsvalet i 2011.
Den 20. august 2020 vart Navalnyj innlagd på sjukehus i kunstig koma i Omsk i Sibir etter å ha vorte sjuk under ein flytur til Moskva. Navalnyjs pressesekretær hevda han vart forgifta på flyplassen i Tomsk før avgang. 22. august vart han flogen til Tyskland for behandling.[1]
Kjelder
endre- ↑ Kalajdzic, Pedja (21. august 2020), «Navalnyj kan få behandling i Tyskland», NRK (på norsk bokmål), henta 22. august 2020
- Denne artikkelen bygger på «Alexey Navalny» frå Wikipedia på engelsk, den 8. januar 2012.