Alexander Rybak

norsk-belarusisk musikar

Alexander Igorjevitsj Rybak (fødd 13. mai 1986) er ein norsk fiolinist, songar, komponist og skodespelar. Han vann Melodi Grand Prix 2009 og fekk representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2009, der han vann. I 2010 fekk han synge vinnarsongen frå 2009 under opninga av Eurovision Song Contest 2010 og fekk seinare gi Eurovision-trofeet til Lena Meyer-Landrut som vann for Tyskland.

Alexander Rybak
Алякса́ндр Рыба́к

Fødd13. mai 1986 (38 år)
FødestadMinsk
FødenamnAlexander Igorjevitsj Rybak
Aljaksándr Igaravitsj Rybák
AliasAlexander Rybak
OpphavNoreg
Aktiv1991–
Sjangerpop, klassisk musikk, indiepop, Barokkpop, crossover, adult contemporary
Instrumentfele, piano, gitar, fiolin, vokal
Stemmetypetenore di grazia
PlateselskapUniversal Music Group
Verka somskodespelar, musikar, songar, komponist, felespelar, pianist, modell, låtskrivar, fiolinist, songar-låtskrivar, plateartist, stemmeskodespelar
PrisarÅrets spellemann, Eurovision Song Contest

Familie

endre

Alexander Rybak er son av pianisten Natalia Rybak og fiolinisten Igor Rybak.[1] Han vart fødd i Minsk i Belarus i dåverande Sovjetunionen, men familien flytta til Noreg då han var fire.[2] Familien Rybak er busett på Nesodden like utanfor Oslo.

Musikk-karriere

endre

Tidleg karriere

endre

Alexander Rybak spela fiolin og piano frå han var fem år gammal, men han valde etter kvart å konsentrere seg om fiolinen.[1] Alexander øvde på fiolin saman med faren Igor Rybak heilt til han vart tenåring, då byrja Alexander å studere ved Barratt Due Musikkinstitutt. I den perioden spelte han i Vivaldi-orkesteret, som vart leitt av faren, og Barrat Dues Juniororkester.[1]

2000–2008

endre

I perioden frå 2000 til 2003 var Alexander elev hjå fiolinisten, dirigenten og pedagogen Alf Richard Kraggerud, som vart etterfølgd av studium hjå Eileen Siegel, 3. konsertmeister i Oslo-filharmonien, og hjå Lena Rist-Larsen, fiolinpedagog og noregsmeister i trekkspel.[1] Han har òg hatt timar og masterclasses med mellom andre Piotr Janowski, Ole Bøhn, Henning Kraggerud, Ilya Konovalov, Mauricio Fuks, Detlef Hahn, Geir-Inge Lotsberg, Eduard Gratch, Roland Vamos og Harald Aadland.[1]

Sommaren 2002 fekk Alexander eit stipend i form av eit gratis kurs i New Jersey, der han studerte under Stephen Shipps, og der han vart vald til å gjennomføre ein masterclass med Pinchas Zukerman.[1]

Alexander Rybak har vore med på fleire norske kurs og festivalar, som mellom anna Valdres Sommersymfoni og den internasjonale Hemsedal-festivalen for dansarar og musikarar, der Rybak deltok som ein av musikarane.[1] Han var konsertmeister under Halsnøys symfoniprosjekt sommaren 2004, og solist med fleire gode orkester som Minsk kammerorkester og Kringkastingsorkesteret.[1] Han har vore på turne i mellom anna Chicago, Spania, Russland og Polen.[1] Dette året vann han også Anders Jahres kulturpris.

Han har dessutan opptredd saman med Arve Tellefsen, Morten Harket, Stephen Ackles og Knutsen & Ludvigsen[1], ofte saman med ein annan nesodding, Thomas Stanghelle. Hausten 2005 uroppførte Rybak den fiolonkonserten Musica Avventurosa av den unge komponisten Daniel Thornhill, saman med orkesteret Ung Symfoni med eit stort publikum i Korskirken i Bergen.[1]

I 2005 deltok Alexander Rybak i talentprogrammet Idol, der han tidleg rauk ut.[3] Men hausten 2006 vann han talentkonkurransen KjempesjansenNRK.[3]

I 2007 debuterte Rybak som skodespelar då han var Spelemann i Spelemann på taket ved Oslo nye teater. Denne prestasjonen vann han Hedda-prisen for i klassen Årets debutant.

Sommaren 2008 vart Alexander Rybak lokal kjendis på Sunnmøre då han som omreisande trubadur på øyane Valderøy, Vigra, Giske og Godøy tilbaud seg å spele huskonsert mot mat og overnatting[3], noko som mellom anna førte til omtale i Sunnmørsposten og ein endå større etterspurnad etter konsertar.[2]

I 2008 var Alexander med på barneplata Magiske kroker & hemmeligheter produsert av Linn Skåber og Jacob Young, med songen «Vinteren er her».[4]

I november 2008, inviterte Elisabeth Andreassen Rybak med seg på ein turne i 2009, med songar frå «Bettans» plate Spellemann, med musikk frå både Noreg og Sverige med inspirasjon av folketonar.[5]

2009 – Eurovision Song Contest (Melodi Grand Prix)

endre

Alexander Rybak kom til finalen i Melodi Grand Prix 2009 med songen «Fairytale».[6] «Fairytale», som Rybak sjølv har skrive, er ein kjærleiksong inspirert av kjensler for ein tidlegare kjærast. Etter kvalifiseringa utpeikte mange han som klar favoritt til å vinne.[6] Songen selde etterpå over 5 000 eksemplar og vart nr. 1 på VG-lista.[7] Fleire nasjonale og internasjonale plateselskap blei også svært så interesserte i å signere han.[7] «Fairytale» blei gitt ut som singel av selskapet BpopMentometer, og selde til gull.[8] 21. februar 2009 utklassa han så dei andre konkurrentane og tok ein overlegen siger i finalen i Norsk Melodi Grand Prix 2009 med nærmare 750 000 stemmer, noko som tilsvara over 600 000 fleire stemmer enn Tone Damli Aaberge som kom på 2. plass.[9]

Finalen

endre

Alexander Rybak vann den internasjonale finalen 16. mai 2009 med 387 poeng — 169 poeng betre enn nest beste deltakar og den høgaste poengsummen nokon gong i Eurovision Song Contest.

Same året gav Rybak ut plata Fairytales. I kjølvatnet av Eurovision vart Rybak kåra til årets spellemann under Spellemannprisen 2009.

Melodi Grand Prix 2011

endre

Under den fyrste delfinalen i Melodi Grand Prix 2011 i Ørland, framførte han songen «The Divine Land» saman med Keep of Kalessin som var med i Melodi Grand Prix 2010.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 «Alexander Rybak». Sommersymfoni.no. Arkivert frå originalen 25. februar 2009. Henta 8. februar 2009. 
  2. 2,0 2,1 Nordseth, Pål (5. februar 2009). «MGP-låta handler om eks-kjæresten hans». Dagbladet.no. Henta 8. februar 2009. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Rykkje, Karin (28. januar 2009). «Alexander favoritt i MGP». Sunnmørsposten. Arkivert frå originalen 11. februar 2009. Henta 8. februar 2009. 
  4. «DIVERSE ARTISTER: Magiske Kroker Og Hemmeligheter - Sanger Av Linn Skåber Og Jacob Young». Platekompaniet.no. Henta 21. februar 2009. 
  5. Dahl, Ingvill Dybfest (13. februar 2009). «Alexander og Bettan blir ny GP-duo». VG. Henta 14. februar 2009. 
  6. 6,0 6,1 Jakobsen, Lena Beathe (7. februar 2009). «Fy fela, for et show!». Varden. Arkivert frå originalen 22. mai 2009. Henta 8. februar 2009. 
  7. 7,0 7,1 Ekker, Bjørn (19. februar 2009). «Full krig om MGP-Rybak». Se&Hør. Arkivert frå originalen 21. februar 2009. Henta 19. februar 2009. 
  8. Jonassen, Trine Høklie (22. februar 2009). «- Nå er verden åpen». Kjendis.no. Arkivert frå originalen 25. februar 2009. Henta 22. februar 2009. 
  9. «MGP-Rybak knuste alle». VG. 21. februar 2009. Henta 21. februar 2009. 

Bakgrunnstoff

endre
  NODES
Done 1
eth 2
orte 1