Alfred Tennyson

britisk poet

Alfred Tennyson, 1. baron Tennyson (6. august 18096. oktober 1892), ofte kjend som Lord Tennyson, var ein britisk diktar av stor tyding for den viktorianske samtida si og ettertida.

Alfred Tennyson

Alfred Tennyson. Signert fotografi frå 1860-talet.
Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 6. august 1809
Somersby
Død

6. oktober 1892 (83 år)
Aldworth, Haslemere

Yrke lyrikar, politikar, skribent
Medlem av Royal Society, American Academy of Arts and Sciences
Religion Den anglikanske kirke
Far George Clayton Tennyson
Mor Elizabeth Fytch
Ektefelle Emily Tennyson, dame Tennyson
Born Hallam Tennyson, Lionel Tennyson, [Unnamed] Tennyson
Alfred Tennyson på Commons

Han skreiv ei rekkje dikt basert på klassiske eller mytologiske tema, som Idylls of the King, som byggjer på kong Arthur-sogene eller «The Lady of Shalott», som også er laust basert på dei. Han skreiv også dikt til minne om sin avdøde venn Arthur Hallam i In Memoriam A.H.H., og om undergangen til britiske kavaleristar i den samtidige Krimkrigen i «The Charge of the Light Brigade». Tennyson er ein ofte sitert diktar, og fleire vendingar frå dikta hans har gått inn i det engelske språket, som «nature, red in tooth and claw», «better to have loved and lost», «Theirs not to reason why,/Theirs but to do and die», og «My strength is as the strength of ten,/Because my heart is pure».

Bakgrunn

endre
 
Illustrasjon til In Memoriam (1901) av Alfred Garth Jones.

Alfred Tennyson var fødd i landsbyen Somersby i Lincolnshire som son av ein rektor i en barneflokk på 12. Både Alfred og to av brørne hans skreiv tidleg dikt. Her møtte han sin nære ven Arthur Henry Hallam og blei medlem av det hemmelege selskapet Cambridge Apostles.

17 år gammal, i 1827, gav Tennyson ut si første diktsamling saman med broren Charles. I 1829 vann han ein pris for eit av sine første stykke, Timbuctoo.[1] I 1830 debuterte han ei diktsamling av eigne dikt, Poems Chiefly Lyrical, som omfatta dei omtykte «Claribel» og «Mariana». Sjølv om kritikarar meinte samlinga var oversentimental, blei dikta snart populære og gav Tennyson merksemd også frå samtidige kjende forfattarar, som Samuel Taylor Coleridge.

Då far hans døydde i 1831 måtte Tennyson forlata Cambridge. Han og familien fekk løyve til å bu i prestebustaden i 6 år. Arthur Hallam vitja dei i sommarferien, og blei trulova med Alfred si syster Emily. I 1833 gav Tennyson ut si andre diktsamling som mellom anna inneheldt det vidkjende diktet «The Lady of Shallott». Samlinga fekk så dårleg kritikk at Tennyson ikkje ville gje ut meir på ti år, sjølv om han fortsatt skreiv dikt. Dette året døydde Arthur Hallam plutseleg av hjernebløding. Dødsfallet hadde sterk innverknad på Tennyson, og førte etterkvart til diktverket In Memoriam A.H.H..

Diktarkarriere

endre
 
Alfred og Emily Tennyson med dei to sønenen sine.

Tennyson-familien flytta til High Beach i Essex i 1837 og seinare til London. Dei mista det meste av midla sine gjennom ei uheldig investering. I 1842 gav Tennyson endeleg ut to diktsamlingar, ei med tidlegare utgjevne dikt og ei med nye. Han fekk stor suksess, noko som også skjedde med The Princess (1847) som handlar om høgare utdanning for kvinner, og In Memoriam A.H.H. (1850), som tek for seg sorg. I 1850 blei Tennyson også utnmend til kongeleg hoffdiktar (Poet Laureate) etter William Wordsworth, og gifta seg med Emily Sellwood, som han kjende frå barndommen. Dei fekk to søner, Hallam (f. 1852) og Lionel (f. 1854).

Alfred Tennyson blei verande Poet Laureate ut livet, og skreiv jamleg dikt til offentlege høve, som velkomsten av prinesse Alexandra av Denmark til Storbritannia, «Ode on the Death of the Duke of Wellington» og «Ode Sung at the Opening of the International Exhibition». Eit betre kjend dikt var det augeblikksinspirerte «The Charge of the Light Brigade» som hylla den blodige framrykkinga til britiske kavaleristar under Krimkrigen.

Dronning Viktoria var ein stor tilhengjar av Tennyson si dikting, og i 1884 utnemnde ho han til baron, Tennyson av Aldworth, som var heimstaden hans i Sussex, og av Freshwater, heimen hans på Isle of Wight.

Tennyson fortsette å skrive til han var over 80 år; han døydde då han var 83. Diktaren blei gravlagd i Westminster Abbey. Sonen Hallam etterfølgde han som den 2. baron Tennyson og skreiv den autoriserte biografien over Tennyson i 1897.

(utval)

 
The Lady of Shallot (1888) av John William Waterhouse, basert på diktet av Alfred Tennyson.

Tennyson på norsk

endre

(ufullstendig liste) I antologien Ring, ville klokker (Bokklubben Lyrikkvenner, 2000)

  • Fra In Memoriam, ved Knut Johansen
  • den innviede,(The Mystic), ved Knut Johansen
  • Ørn (The Eagle), ved Hartvig Kiran
  • Slø! Slø! Slø! (Break! Break! Break!), ved Olav H. Hauge
  • Gjennom fallgarden (Crossing the Bar), ved Olav H. Hauge
  • Ring, ville klokkor (Ring out wild bells), ved Olav H. Hauge
  • Poetens sang (The Poet’s song), ved André Bjerke
  • Geraint og Enid (Geraint and Enid), ved Karen Sofie Hanssen
  • Odyssevs, (Ulysses), ved Sigmund Skard
  • Den lette brigades angrep (the Charge of the Light Brigade), ved Geir Uthaug
  • Ved Wellingtons død (on the death of Wellington), ved Geir Uthaug
  • Damen av Shalott (The Lady of Shalott), ved Geir Uthaug

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger på «Alfred, Lord Tennyson» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mars 2014.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Glenn Everett, «Alfred Lord Tennyson: A Brief Biography», University of Tennessee at Martin
  • Eugene Parsons, Poems of Alfred Lord Tennyson, (Introduction). New York: Thomas Y. Crowell Company, 1900.
  • «Tennyson, Alfred (TNY827A)», A Cambridge Alumni Database. University of Cambridge.
Fotnotar

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Alfred Tennyson
  NODES
ELIZA 1
HOME 1
Intern 1
mac 2
os 5