Alicante
Alicante (katalansk-valensiansk Alacant, spansk Alicante) er ein by i Spania. Byen er provinshovudstad i provinsen Alicante i den sørlege delen av Valencia ved Middelhavet. Alicante er ein viktig hamneby. Folketalet i Alicante by er kring 330 000 og i storbyområdet, Stor-Alicante, bur det kring 750 000 innbyggjarar. Alicante er dermed det åttande største byområdet i Spania.
Alicante | |||||
---|---|---|---|---|---|
Utsyn over Alicante | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Spania | ||||
Autonom region | Valencia | ||||
Provins | Alicante | ||||
Grunnlagd | 324 fvt. | ||||
Borgarmeister | Natalia | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
201,27 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
331 750 1 648,3 /km² | ||||
Koordinatar | 38°20′N 0°29′W / 38.333°N 0.483°W | ||||
Høgd over havet | 3 moh | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 03000-03016 | ||||
Telefon-retningsnummer | 96 | ||||
Nettstad: www.alicante.es |
Alicante er ein av dei raskast veksande byane i Spania. Økonomien er hovudsakleg basert på turisme og produksjon av vin. I tillegg til vin eksporterer byen òg olivenolje og frukt. Industrien i Alicante produserer mellom anna næringsmiddel, lêr, tekstilar og keramikk.
Byen er hovudsete for kontoret for harmonisering den indre marknaden i EU (Harmonisation in the Internal Market, (OHIM).
Historie
endreAlicante vart grunnlagd i 324 f.Kr. av dei gamle grekarane, som kalla byen Akra Leuke. I 201 f.Kr. vart byen erobra av romarane som kalla byen Lucentum. Hannibal skal ha lossa sine vidgjetne elefantar her. Mellom 718 og 1249 var byen styrt av maurarane. Byen vart gjenerobra i 1247, og inngjekk då i kongeriket Castilla, frå 1305 i kongeriket Aragón.
Galleri
endre-
Alicante
-
Rådhuset i Alicante
-
Hamna i Alicante