Alkoholmisbruk er ei psykisk liding som vil seia at nokon drikk alkohol trass negative følgjer. Det skil seg frå alkoholisme ved at misbrukaren ikkje utviklar stofftoleranse eller opplever abstinenssymptom om han ikkje drikk, at drikkinga ikkje treng medføra psykisk eller fysisk skade eller nedsetting av sosial funksjon, men brukaren sjølv eller omgjevnadene kan sjå på drikkinga som eit problem.

Alkoholmisbruk

The Drunk. Litografi av George Bellows.
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:305.0
ICD-10-kode:F10.1
MeSHD000437

Misbruk av alkohol kan medføra kostnader for samfunnet i samband med skader ein får eller påfører andre i påverka tilstand, sjukefråver og redusert arbeidskapasitet.

Alkoholmisbruk skildra i Gin Lane av William Hogarth

Kjelder

endre
  NODES