All Summer Long
All Summer Long Studioalbum av The Beach Boys | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. juli 1964 | |
Innspelt | 2. april 1964 – 19. mai 1964 Bortsett frå instrumentalsporet på «Drive-In»: 18. oktober 1963 | |
Sjanger | Rock, surferock | |
Lengd | 25:06 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent | Brian Wilson | |
The Beach Boys-kronologi | ||
---|---|---|
Shut Down Volume 2 (1964) |
All Summer Long | Beach Boys Concert (1964) |
Singlar frå All Summer Long | ||
|
All Summer Long er det sjette studioalbumet til The Beach Boys og det andre som kom ut i 1964. Det vart spelt inn etter den britiske bølgja med The Beatles i spissen og markerte eit stort vendepunkt i karrieren til The Beach Boys og for Brian Wilson som låtskrivar.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Blender | [2] |
Encyclopedia of Popular Music | [3] |
MusicHound | 3.5/5[4] |
The Rolling Stone Album Guide | [5] |
All Summer Long nådde 4. plass i USA og låg på lista i 49 veker. I dag finst All Summer Long (Capitol (S) T 2110) på CD i lag med Little Deuce Coupe, samt bonusspor frå denne perioden.
Soge
endreFrå februar 1964 sette Wilson i gang ein periode med hard låtskriving og etter nokre veker hadde han songar som «I Get Around», «All Summer Long», «Wendy» og «Girls on the Beach». The Beach Boys la vokalen sin oppå instrumentalspor som andre studiomusikarar spelte. Alt var produsert av den då 21 år gamle Brian Wilson.
«I Get Around» kom ut om lag to månader før albumet og gjekk raskt til førsteplassen i USA. Dette var den første topplasseringa deira i heimlandet. Singelen vart òg den høgaste plasseringa deira til då i Storbritannia med ein sjuandeplass. Albumet kom ut i juli og nådde fjerdeplass i USA og selde til gullplate.
Det skjedde store endringar under innspelinga av albumet. Faren Murry Wilson hadde vore manager og styrt bandet med hard hand fram til då. Under innspelinga av vokalen til «I Get Around» i april gav Brian faren sparken.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Brian Wilson og Mike Love, bortsett frå der andre er nemnde..
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «I Get Around» | Mike Love og Brian Wilson | 2:12 |
2. | «All Summer Long» | Mike Love | 2:06 |
3. | «Hushabye» (Doc Pomus/Mort Shuman) | Mike Love og Brian Wilson | 2:40 |
4. | «Little Honda» | Mike Love | 1:52 |
5. | «We'll Run Away» (Brian Wilson/Gary Usher) | Brian Wilson | 2:00 |
6. | «Carl's Big Chance» (Brian Wilson/Carl Wilson) | instrumental | 2:25 |
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Wendy» | Mike Love og Brian Wilson | 2:16 |
8. | «Do You Remember?» | Brian Wilson og Mike Love | 1:37 |
9. | «Girls on the Beach» (Brian Wilson) | Brian og Dennis Wilson | 2:09 |
10. | «Drive-In» | Mike Love | 1:51 |
11. | «Our Favorite Recording Sessions» (Brian Wilson/Dennis Wilson/Carl Wilson/Mike Love/Al Jardine) | studioprat | 2:00 |
12. | «Don't Back Down» | Brian Wilson og Mike Love | 1:44 |
Medverkande
endreFrå arkivaren Craig Slowinski.[6]
The Beach Boys
- Al Jardine – harmoni- og korvokal; bassgitar; elektrisk rytmegitar
- Mike Love – solo- og bassvokal
- Brian Wilson – solo-, harmoni- og korvokal; piano; elektrisk piano, cembalo; Hammond B3-orgel; xylofon eller marimba
- Carl Wilson – harmoni- og korvokal, solo- og rytmegitar
- Dennis Wilson – solo-,harmoni- og korvokal; trommer; perkusjon; opningsrøyst på «Little Honda»
Studiomusikarar og teknisk personell
- Hal Blaine – timbales med visp
- Bob (ukjend etternamn) – lydteknikar på «Girls On the Beach»
- Chuck Britz – lydlteknikar
- Glen Campbell – 6-strengs elektrisk bassgitar
- Steve Douglas – tenorsaksofon
- Jay Migliori – barytonsaksofon
- Ray Pohlman – 6-strengs elektrisk bassgitar
Salslister
endreVekeslister
endreÅr | Liste | Plassering |
---|---|---|
1964 | US Billboard 200 Albums Chart | 4[1] |
Singlar
endreÅr | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1964 | «I Get Around» | US Billboard Hot 100 Singles Chart | 1 |
1964 | «Little Honda» | US Billboard Hot 100 Singles Chart | 65 |
1964 | «Wendy» | US Billboard Hot 100 Singles Chart | 44 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «All Summer Long» frå Wikipedia på engelsk, den 28. august 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Little Deuce Coupe/All Summer Long CD-hefte, David Leaf, c.1990.
- "The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys and the Southern California Experience", Timothy White, c. 1994.
- "Wouldn't It Be Nice - My Own Story", Brian Wilson og Todd Gold, c. 1991.
- "Top Pop Singles 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002.
- "Top Pop albums 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002.
- Allmusic.com
- ↑ 1,0 1,1 Richie Unterberger. «All Summer Long – The Beach Boys | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 15. juli 2013.
- ↑ Wolk, Douglas (October 2004). «The Beach Boys Little Deuce Coupe/All Summer Long». Blender. Arkivert frå originalen June 30, 2006. Henta June 2, 2017.
- ↑ The Virgin Encyclopedia of Popular Music, Concise (4th Edition), Virgin Books (UK), 2002, ed. Larkin, Colin.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 83. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ Brackett, Nathan; with Hoard, Christian, red. (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). New York, NY: Fireside/Simon & Schuster. s. 46. ISBN 0-7432-0169-8.
- ↑ Boyd, Alan; Linette, Mark; Slowinski, Craig (2014). Keep an Eye On Summer 1964 (Digital Liner). The Beach Boys. Capitol Records. Mirror