Denne artikkelen handlar om valspråket til norske kongar. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Alt for Norge (fleirtyding).

Alt for Norge var det valspråket kong Haakon VII tok då han vart innsett som konge i 1905. Sidan har både sonen kong Olav V[1] og sonesonen kong Harald V[2] teke det same valspråket. Det vart også nytta norske motstandsfolk imellom under andre verdskrigen.

Kong Haakon

endre

Mottoet vart kunngjort av prins Carl 18. november 1905 i talen han heldt som svar til den norske delegasjonen som var sendt ut for å tilby han å verta konge av Norge. Prins Carl avslutta talen med: «Mit liv vil jeg hellige Norges vel, og det er min hustrus og mit inderlige ønske, at det folk, der har valgt os, vil enigt samarbeide og stræbe frem imod dette store maal, og med fuld fortrøstning kan jeg da som mit valgsprog tage: Alt for Norge[3]

Galleriet viser nokre døme på bruk av valspråket «Alt for Norge». I tillegg har fleire norske myntar vore dekorerte med valspråket i lag med kongelege portrett og monogram.

Annan bruk (utval)

endre

Det er også gitt ut fleire bøker med Alt for Norge som tittel, mellom anna Yngve Woxholth si krigsberetningsbok Alt for Norge frå 1965[4], Pål Espolin Johnsons Alt for Norge : historien om et utvær frå 1975[5] og Frode Øverli si teikneseriebok Pondus Alt for Norge frå 1998.[6]

Kjelder

endre
  NODES
os 5