Amphoe
Amphoe (thai อำเภอ, uttalt ʔām.pʰɤ̄ː) er namnet på ein type administrative område i Thailand. Amphoe er det andre administrative nivået i det thailandske forvaltningshierarkiet, underlagt provinsane, såkalla changwat. Ordet amphoe vert vanlegvis omsett med distrikt. Amphoe vert igjen delt inn i underdistrikt kalla tambon.
Det finst 878 amphoe-distrikt.[1] Dette talet inkluderer ikkje dei 50 khet-distrikta i hovudstaden Bangkok.
Kjelder
endre- ↑ «Educational Statistics 2016». Ministry of Education Thailand. s. 13. Arkivert frå originalen 29. juli 2018. Henta 5. august 2018.