Analytisk geometri
Analytisk geometri er den delen av geometrien der ein undersøker geometriske eigenskapar ved å nytte koordinatar, det vil sei talstorleikar som avgjer plasseringa til punkta i dei geometriske objekta ein undersøker. Slik kan til dømes eit punkt i eit plan gjevast ved to tal, koordinatane til punktet. Eit punkt i rommet kan gjevast med tre tal, osv. Vidare kan til dømes ei linje i eit plan tilordnast ei førstegradslikning ax + by + c = 0, medan ein sirkel kan tilordnast ei andregradslikning.
Med dette tilbakeførast studiet av geometrisk eigenskapar ikkje berre til spørsmål innanfor aritmetikk og algebra, men òg til infinitesimalrekning og funksjonsteori. Dette synspunktet har etter kvart erobra mange av dei viktigaste bruksområda i matematikken som mekanikk, fysikk, astronomi og statistikk.
Som grunnleggjar av den analytiske geometri reknast René Descartes med Discours de la méthode (1637).
Kjelder
endre- analytisk geometri. (2011-10-28) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/analytisk_geometri