Andreas Baader
Andreas Bernd Baader (6. mai 1943–18. oktober 1977) var ein sentral person i den venstreorienterte terrororganisasjonen Rote Armee Fraktion (RAF), òg kjend som Baader-Meinhof-banden.
Andreas Baader | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 6. mai 1943 München |
Død |
18. oktober 1977 (34 år) |
Yrke | terrorist |
Språk | tysk |
Medlem av | Rote Armee Fraktion |
Andreas Baader på Commons |
Andreas Baader, Ulrik Meinhof og Gudrun Ensslin var dei mest sentrale personane ved skipinga av RAF i 1968. Gjennom 70-talet gjennomførte dei fleire store terroraksjonar, mellom anna flykapring, brannar og kidnappingar.
Andreas Baader var i fengsel fleire gonger. Til slutt vart han i 1977 dømd for fleire drap, drapsforsøk og for å ha vore med å stifta ein terrororganisasjon. Baader døydde i fengselet seinare same år, etter å ha vorte skoten. Forklaringa frå offisielt hald var at han og Jan-Carl Raspe hadde teke sjølvmord. Irmgard Möller, ein annan RAF-medlem som sat inne saman med dei, vart funnen med fire knivstikk, men overlevde. Ho hevdar at dødsfalla var utanomrettslege avrettingar.