For det britiske krigsskipet med same namn, sjå HMS «Antrim».

Antrim er ein liten by i grevskapet Antrim i Nord-Irland. Han er administrasjonssenter for distriktet Antrim. Her ligg Kilroot kraftverk, som er eit varmekraftverk og det viktigaste og kraftigaste i heile Nord-Irland.

Antrim
by
Land  Nord-Irland
Region Grevskapet Antrim
Folketal 19 986 (2001)
Kart
Antrim
54°43′02″N 6°12′20″W / 54.7173°N 6.2055°W / 54.7173; -6.2055
Wikimedia Commons: Antrim, County Antrim

I 1649 vart byen brent ned av general Monro.

Byen stod imot angrep frå United Irishmen under det irske opprøret i 1798. Eit 27 m høgt, rundt tårn er alt som står igjen av eit kloster frå 900-talet. Veggene er over ein meter tjukke, og sammenhalde med datering av tårnet tyder dette på at det vart bygd som ein tilfluktstad under vikingangrep.

Misjonæren og forfattaren Alexander Irvine (1863–1941) voks opp i Antrim. Huset han budde i ligg i ei smal sidegate til hovudgata, og er merkt med ein blå plakett.

Kjelder

endre
  NODES
os 1