Ascona er ein kommune i distriktet Locarno i kantonen Ticino i Sveits. Kommunen har 5 489 innbyggjarar (2010) og eit areal på 4,97 km². Kommunesenteret ligg 196 meter over havet. Kommunen ligg på nordsida av innsjøen Lago Maggiore.

Ascona
Plassering
Ascona is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton Ticino
Distrikt Locarno
Språk italiensk
Borgarmeister Aldo Rampazzi
Geografi
Flatevidd
 - kommune

4,97 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

5 489
  1 104,4 /km²
Koordinatar 46°09′0″N 8°46′0″E / 46.15000°N 8.76667°E / 46.15000; 8.76667
Høgd over havet 196 moh.
Diverse annan informasjon
Postnummer 6612
Nettstad: www.ascona.ch

Byen er eit populært turistmål. Årleg vert ein jazzfestival avvikla i byen; kalla 'New Orleans Jazz Festival Ascona'.

Monte Verità

endre
 
Lago di Maggiore med Ascona i forgrunnen

"Monte Verità" (bokstavleg Sanningsfjellet) i Ascona var i dei fyrste tiåra av 1900-talet møtestad og bustad for folk som preika for "tilbake til naturen".

Kolonien hyste ein ein heil del kunstnarar, anarkistar og andre kjende menneske. Mellom dei som hadde opphald på Monte Verità var Hermann Hesse, Carl Gustav Jung, Erich Maria Remarque, Hugo Ball, Else Lasker-Schüler, Stefan George, Isadora Duncan, Paul Klee, Rudolf Steiner, Mary Wigman, Gyula Háy, Max Picard, Ernst Toller, Henri van de Velde, Rudolf Laban, Frieda von Richthofen, Else von Richthofen, Otto Gross, Erich Mühsam, Karl Wilhelm Diefenbach og Gustav Stresemann.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  NODES
mac 2
os 2