Asur
Asur eller ultramarin er eit mørkeblått fargestoff. Det vart opphavleg framstilt av lasurstein (lapis lazuli) og er ein djupblå eller djup himmelblå farge.
| |||
sRGBB (r, g, b) | (0, 127, 255) | ||
---|---|---|---|
HSV (h, s, v) | (210°, 100%, 100%) | ||
B: Normalisert til [0–255] (byte) |
Namnet «asur» er avleidd av arabisk al-lazward som tyder 'lasurstein'. Pulver av denne steinen er kjend som «naturleg ultramarin» og var historisk eit kostbart pigment. I europeisk målarkunst blei det hovudsakleg brukt til å farge kleda til sentrale figurar som jomfru Maria eller englar. Renessansekunstnaren Giotto di Bondone merka seg ut med å måla taket i Scrovegni-kapellet asurblått.
-
Naturleg ultramarin
-
Taket i Scrovegni-kapellet måla av Giotto di Bondone.
Sjå òg
endre- Den franske rivieraen, på fransk kalla Côte d'Azur (Asurkysten)
- Asurlauk
Kjelder
endre- asur (2012-02-20) i Store norske leksikon.
- Denne artikkelen bygger på «Azure (color)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2013.