Attiéké (òg skrive acheke) er ein siderett laga av maniok som er ein del av matkulturen i Elfenbeinskysten i Vest-Afrika. Retten blir framstilt frå gjæra maniokmasse som er riven eller granulert. Det blir òg laga tørka attiéké, som har ein liknande tekstur som couscous. Det er ein vanleg og tradisjonell rett i Elfenbeinskysten som har opphavet sitt frå den sørlege delen av landet. Metodar for tillaging av retten er velkjende i Elfenbeinskysten og òg i Benin. I Elfenbeinskysten blir retten ofte servert med kedjenou, ei langsamt kokt stuing. Fersk attiéké blir raskt dårleg, og bør etast innan eitt døgn etter tillaging.

Ein tallerken med attiéké

I 2024 blei retten utnemnd til immateriell kulturarv av UNESCO.[1][2]

Kjelder

endre
  1. «Attiéké - Ivory Coast's timeless culinary treasure, which now has Unesco status», BBC News (på engelsk), 7. desember 2024, henta 15. desember 2024 
  2. «Attiéké: Ivory Coast's staple food gets Unesco cultural heritage title», BBC News (på engelsk), 5. desember 2024, henta 15. desember 2024 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Attiéké
  Denne kulturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  NODES
server 1