B.B. King
Riley B. King (16. september 1925–14. mai 2015), internasjonalt kjend som B.B. King, var ein USA-amerikansk bluesgitarist, songar og låtskrivar. B.B. King blir rekna som ein av dei største artistane innom bluesen og er kjent for å saman med gitaristen Lucille Gibson turnere mykje og ofte. Kings mest berømte låt er «The Thrill is gone».
B.B. King | |||
B.B. King | |||
Fødd | 16. september 1925 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Berclair, Itta Bena | ||
Død | 15. mai 2015 | ||
Dødsstad | Las Vegas | ||
Fødenamn | Riley Ben King | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1949-2015 | ||
Sjanger | Blues | ||
Instrument | Gitar | ||
Stemmetype | tenor | ||
Plateselskap | Geffen Records | ||
Verka som | gitarist, songar, songar-låtskrivar, komponist, pianist, musikkprodusent | ||
Gift med | Martha Lee Denton, Sue Carol Hall | ||
Prisar | Blues Hall of Fame, National Medal of Arts, Presidentens fridomsmedalje, Grammy Lifetime Achievement Award, Rock and Roll Hall of Fame, Library of Congress Living Legend, Kennedy Center Honors, medlem av American Academy of Arts and Sciences Fellow, kommandør av Ordre des Arts et des Lettres, Americana Music Association President's Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Maple Blues Awards |
B.B. King er ein av dei mest kjente bluesgitaristane i verda. King blir saman med Muddy Waters rekna som mellom dei mest stilbyggande bluesmusikarane og har påverka ei mengde seinare rockemusikarar som Eric Clapton og Jimi Hendrix.
Liv
endreKing vart fødd i Itta Bann i Mississippi, men flytta til Indianola etter kvart. Då han var liten lærte han seg å synge gospel. Presten lærte han å spele dei første gitarakkordar. Og han lærte meir av omreisande bluesgitarisar.
I ungdomen jobba han som gardsarbeidar og traktorførar. Og kvar einaste helg spelte han på lokale bluesbarar. Han og mora voks opp hos ein kvit plantasjeeigar, King elska å bruke tida sin saman med mora og bestemora. Etter mora døydde fekk han god kontakt med faren.
Gjennombrotet til King skjedde i 1949. Då spelte han inn fire låtar, men ingen av dei gjorde særleg stort inntrykk på afroamerikanske publikum. Men i 1951 hamna han i Sam Philips legendariske Sun Studio i Memphis. Ei av låtane hans, «Three O'Clock blues», førte til det store gjennombrotet. Låten låg på r&b-lista i 17 veker.
Musikktidsskriftet Rolling Stone rangerte i 2003 B.B. King som den tredje største gitaristen genom tidene.[1]
Kjelder
endre- ↑ Rolling Stone, «The 100 Greatest Guitarists Of All Time» Arkivert 2007-07-05 ved Wayback Machine.