Bente Angell-Hansen
Bente Angell-Hansen (fødd 15. desember 1951) er ein norsk diplomat, frå 2018 leiar av overvakingsorganet til EFTA (ESA). Ho har vore norsk ambassadør til Austerrike og Ungarn.
Bente Angell-Hansen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. desember 1951 (73 år) |
Yrke | diplomat, statsvitar |
Bente Angell-Hansen på Commons |
Liv og virke
endreAngell-Hansen er utdanna cand.polit. med hovudfag i statsvitskap frå Universitetet i Oslo. I 1979 blei ho tatt opp ved Utanriksdepartementets aspirantkurs.[1] I 1998 blei ho utnemnd til ekspedisjonssjef og protokollsjef i Utanriksdepartementet.[2] Frå februar 2000 var ho fyrst ekspedisjonssjef ved Statsministerens kontor,[3] der ho hadde ansvar for utanrikspolitiske saker.
I 2005 blei Angell-Hansen utnemnd til ambassadør i Ungarn.[4] I 2007 følgde utnemning til ambassadør ved den norske delegasjonen til SN i Genève,[5] der ho blant anna har representert Noreg i menneskerettsrådet til SN. Utnemninga til utanriksråd i statsråd 8. april 2011 var fyrste gongen ei kvinne fekk den øvste administrative stillinga i Utanriksdepartementet.[6] Den 8. april 2011 blei ho utnemnd til utanriksråd i Utanriksdepartementet, ei stilling ho overtok i august 2011 og hadde til juli 2014 då ho blei utnemnd til den norske ambassadøren i Wien.[7] Ho var før dette ambassadør ved den norske delegasjonen til SN og andre internasjonale organisasjonar i Genève. 1. januar 2018 blei Angell-Hansen leiar av overvakingsorganet til EFTA (ESA).[8]
Utmerkingar
endreAngell-Hansen er storkommandør av Storfyrst Gediminas av Litauens orden,[9] innehaver av 2. klasse av den estiske Den kvite stjernas orden,[10] og storoffiser av den argentinske Frigjeraren San Martins orden.[11]
Kjelder
endre- ↑ «I kort dvale etter Clinton», Aftenposten, 13. november 1999, s. 17.
- ↑ Offisielt fra statsråd, 3. april 1998.
- ↑ Offisielt fra statsråd, 12. november 1999.
- ↑ Offisielt fra statsråd, 13. mai 2005.
- ↑ Offisielt frå statsrådet 26. oktober 2007.
- ↑ Offisielt fra statsråd 8. april 2011.
- ↑ Ambassadør Bente Angell-Hansen utnevnt til ny utenriksråd, pressemelding, Utenriksdepartementet, 8. april 2011.
- ↑ «Bente Angell-Hansen blir ny president i ESA», ESA, 25. oktober 2917.
- ↑ Database over ordenstildelinger, Litauens presidentembete.
- ↑ Bearers of decorations, Estlands presidentembete.
- ↑ Aftenposten, 5. oktober 2001, s. 10.
- Denne artikkelen bygger på «Bente Angell-Hansen» frå Wikipedia på bokmål, den 21. mars 2024.