Berberisfamilien
Berberisfamilien (Berberidaceae) er ein plantefamilie i ordenen Berberidopsidales. Han omfattar ca. 575 artar fordelt på 15 slekter. 450 av desse høyrer til berberisslekta. Tidlegare høyrde berberisfamilien til orderen Ranunculales, i den siste klassifikasjonen (APG III-systemet) er Berberidopsidales skild ut som eigen orden.
Berberisfamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Ranunculales |
Familie: | Berberisfamilien Berberidaceae Juss., 1789 |
Fleire hagebusker høyrer til denne familien. Mange norske hageeigarar har den raud-fiolette blodberberis som hekkplante.
Slekter
endre- Achlys
- Berberis - Berberis, 450 artar
- Bongardia
- Caulophyllum
- Diphylleia
- Dysosma
- Epimedium
- Gymnospermium
- Jeffersonia
- Leontice
- Mahonia
- Nandina
- Podophyllum
- Ranzania
- Vancouveria
Nokre eldre taksonomiar anerkjenner berre fire slekter (Berberis, Epimedium, Mahonia, Vancouveria), men i dag er 15 grupper rekna som eigne slekter under familien Berberidaceae.
Bakgrunnsstoff
endre- Berberidacea-familien. Arkivert 2008-10-13 ved Wayback Machine.