Beriberi
Beriberi er ein mangelsjukdom som kjem av mangel på vitaminet tiamin (vitamin B1). Det finst ulike former av sjukdommen som kan ramma både spedbarn og vaksne. Ordet kjem frå singalesisk, der beri betyr ‘svakheit’.
Beriberi | |||
| |||
Klassifikasjonar og ressursar | |||
---|---|---|---|
MeSH | D001602 |
Risikoindivid
endre- Barn som blir amma om mora har dårleg tiaminstatus
- Individ med kolhydratrik føde, særleg ris
- Alkoholikarar
- Underernærte individ, der påkjenningar på kroppen som feber, graviditet eller amming kan gi mangelsymptom
- Pasientar under dialyse med parietal nutrition og med høg metabolomsetning
Symptom
endreTidlege symptom:
- svekka appetitt
- nedsett konsentrasjonsevne
- trøyttleik
- irritabilitet
Seinare symptom:
- vektnedgang
- forstopping
- forstyrringar på nervesystemet
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Beriberi» frå Wikipedia på bokmål, den 1. desember 2024.