Bija
Bija (russisk Бия) er ei elv i Republikken Altaj og Altaj kraj i Russland og ei av sideelvane til Ob. Ho spring ut frå Teletskojesjøen og har ei lengd på 301 km. Nedslagsfeltet hennar er på 37 000 km².
Bija | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 37 000 km² | ||
Lengd | 301 km | ||
Middelvassføring | 477 m³/s | ||
Kjelde | Teletskojesjøen | ||
Munning | Ob | ||
Bija 51°47′10″N 87°14′46″E / 51.786°N 87.246°E | |||
Wikimedia Commons: Biya River |
Elva vert nytta av turistar til rafting, og i den øvre delen av elva er det fleire stryk. Delen av elva frå Teletskoje til ho møter Sarykoksja er klår og kald.
Store sideelvar
endre- Pyzja frå venstre
- Sarykoksja frå venstre
- Lebed frå høgre
Busetnader
endreByen Bijsk ligg ved Bija.
Der elva renn ut frå Teletskjoe ligg landsbyane Artybasj og Iogatsj. Iogatsj er eit senter for skogsdrift og eit turistmål i området. Lenger nede i elva finn ein Verkh-Bijsk og Turotsjak.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Бия» frå Wikipedia på russisk, den 6. oktober 2008.