Boeing KC-135 Stratotanker

Boeing KC-135 Stratotanker er eit amerikansk tankfly som vart produsert første gong i 1956. Flytypen er enno i drift og forventa å vera i aktiv teneste fram til 2040-talet.

Eit KC-135E etterfyller ein F-16C

Tankflyvarianten fekk først fabrikknemninga 367-138B, og seinare nemninga 717. Forsøk med lufttanking vart gjort allereie med prototypane parallelt med utviklinga av passasjerflyvarianten, og 31. august 1956 flaug den første produksjonsvarianten KC-135A for første gong.

Ein tidleg variant, sannsynlegvis ein KC-135A, utstyrt med såkalte «stovepipes» under ein røykfull take-off

Kjelder

endre
  NODES
os 1