Borgarrettar er lovgjevne rettar for alle statsborgarar i eit land. Slike rettar er meir vidfemnande enn menneskerettar, men omfattar berre statsborgarar og ikkje andre innbyggjarar i landet. Borgarrettar er verna av Dei sameinte nasjonane sin konvensjon om sivile og politiske rettar, som byggjer på Menneskerettsfråsegna.

Borgarrettsmarsjen i Washington i 1963.

Ulike rørsler har arbeidd for borgarrettar i ulike samanhengar. Ei av dei mest kjende rørslene er borgarrettsrørsla i USA, som særleg var aktiv på 1950- og 60-talet. Rørsla arbeidde for lik tilgang til utdanning, politikk, arbeid og tenester for afroamerikanarar som for kvite.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Borgarrettar
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  NODES