Borkhette (Mycena meliigena) er ein liten vinraud hettesopp som veks på meir eller mindre mosedekte stammer av edellauvtre, gjerne i større mengder. Arten liknar noko på blå borkhette, ein art han kan veksa saman med.

Borkhette
Borkhette Foto: Arne Aronsen/Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
Borkhette
Foto: Arne Aronsen/Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Underrekkje: Hymeniesoppar Agaricomycotina
Klasse: Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes
Underklasse: Agaricomycetidae
Orden: Skivesoppordenen Agaricales
Familie: Mycenaceae
Slekt: Hettesoppar Mycena
Art: Borkhette M. meliigena
Vitskapleg namn
Mycena meliigena

Borkhette veks fram om hausten og i milde periodar om vetteren og er vanlegast etter kraftig nedbør.

I Noreg er arten nokso vanleg på Søraustlandet og meir sjeldan andre stader.

Kjelder

endre
  NODES