Bring It On Home to Me
Bring It On Home to Me Singel av Sam Cooke | ||
B-side |
«Having a Party» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. mai 1962 | |
Innspelt | 26. april 1962, RCA Hollywood, Studio 1 | |
Lengd | 2:42 | |
Selskap | RCA 8036 | |
Komponist | Sam Cooke | |
Tekstforfattar | Sam Cooke | |
Låtskrivar(ar) | Sam Cooke | |
Produsent | Hugo Peretti, Luigi Creatore | |
Sam Cooke-kronologi | ||
«Twistin' the Night Away» (1/1962) |
Bring It On Home to Me | «Nothing Can Change This Love» b/w «Somebody Have Mercy» (1962)
|
«Bring It On Home to Me» er ein soulsong frå 1962, skriven og spelt inn av R&B-songaren Sam Cooke. Songen, som handlar om utruskap, vart ein hitt for Cooke og har vorte ein popstandard, spelt inn av mange andre artistar i mange forskjellige sjangrar. Songen er ført opp på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll. Med seg på sin versjon har Cooke Lou Rawls som syng korvokal.
Songen vert av mange historikarar rekna for å vere ein av dei definitive soulsongane, sidan han nyttar ein formel som framleis er særs populær i dag. Eit konsertopptak av songen av Cooke i Miami frå albumet Live at the Harlem Square Club, 1963, er rekna som hans personlege syn på korleis soulmusikk skulle vere.
Singelen hadde «Having a Party» som B-side. B-sida nådde lista først og klatra til 17. plass sommaren 1962, før A-sida klatra til 13. plass seinare på sommaren.
Andre versjonar
endreBring It On Home to Me Singel av The Animals frå albumet Animal Tracks | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mars 1965 | |
Innspelt | Mars 1965 | |
Sjanger | Blues, pop, soul | |
Lengd | 2:43 | |
Selskap | Columbia | |
Komponist | Sam Cooke | |
Tekstforfattar | Sam Cooke | |
Låtskrivar(ar) | Sam Cooke | |
Produsent | Mickie Most | |
The Animals-kronologi | ||
«Don't Let Me Be Misunderstood» (1965) |
Bring It On Home to Me | «We Gotta Get out of This Place» (1965)
|
Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre The Animals, Eddie Floyd, Ben Mills, Lou Rawls, Mickey Gilley, Tab Benoit, The Faces, Wilson Pickett, Otis Redding i lag med Carla Thomas, Paul McCartney, John Lennon, Rod Stewart, Van Morrison, Dixie Chicks, Sonny & Cher, The Von Bondies, Bon Jovi, Britt Daniel, Eddie Floyd og Duffy, Dave Mason, Sister Hazel, The New Standards, Joey Ramone, Jimmy Barnes, Aretha Franklin, Michael Bolton, Delta Spirit, Robson & Jerome, Status Quo og R Kelly.
Lister
endreSam Cooke-versjonen
endreÅr | Liste | Plassering |
---|---|---|
1962 | Black Singles Chart | #2 |
1962 | Pop Singles Chart | #13 |
The Animals-versjonen
endreÅr | Liste | Plassering |
---|---|---|
1965 | Pop Singles Chart | #32 |
1965 | UK Singles Chart | #7 |
1965 | Canada | #7 |
1965 | Nederland | #3 |
1965 | Sverige | #1 |
Eddie Floyd-versjonen
endreÅr | Liste | Plassering |
---|---|---|
1968 | Black Singles Chart | #4 |
1968 | Pop Singles Chart | #17 |
1968 | Canada | #24 |
Lou Rawls-versjonen
endreÅr | Liste | Plassering |
---|---|---|
1970 | Black Singles Chart | #45 |
1970 | Pop Singles Chart | #96 |
Mickey Gilley-versjonen
endreListe (1976) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot Country Singles | 1 |
U.S. Billboard Bubbling Under Hot 100 | 1 |
Canadian RPM Country Tracks | 1 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bring It On Home to Me» frå Wikipedia på engelsk, den 16. desember 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Heylin, Clinton (2003). Can You Feel the Silence? Van Morrison: A New Biography, Chicago Review Press ISBN
1-55652-542-7