Dette er ei liste over byar i Haiti.

Kart over Haiti

Det langt største urbane området i landet er Port-au-Prince, som med forstader har eit innbyggjartal på 1 786 783 (estimat frå 2010). Dermed bur om lag ein femtedel av folkesetnaden i Haiti i hovudstadsregionen.

I tabellen nedanfor er det teke med byar med 10 000 innbyggjar eller meir, innbyggjartalet slik det var i folketeljinga 30. august 1982, i byfolketeljinga i 2003 og i eit estimat frå 2010, i tillegg til at det er oppgjeve kva for departement byane høyrer til. Innbyggjartala gjeld sjølve byområda, og forstader er altså ikkje tekne med.

Byar i Haiti
Nr. By Innbyggjarar Departement
Folketeljing 1982 Folketeljing 2003 Estimat 2010
1. Port-au-Prince 449 831 703 023 785 228 Ouest
2. Carrefour 129 470 373 916 499 371 Ouest
3. Delmas 90 000 284 079 389 393 Ouest
4. Gonaïves 34 209 104 825 141 580 Artibonite
5. Pétionville 35 333 131 985 Ouest
6. Cap-Haïtien 64 406 111 094 127 825 Nord
7. Saint-Marc 24 165 80 149 Artibonite
8. Verrettes 3 670 61 457 Artibonite
9. Les Cayes 37 550 48 095 50 722 Sud
10. Limbe 10 476 40 265 Nord
11. Port-de-Paix 15 540 40 030 Nord-Ouest
12. Jacmel 13 730 26 077 30 738 Sud-Est
13. L’Artibonite 10 099 30 500 Artibonite
14. Jérémie 18 493 27 510 30 271 Grand’Anse
15. Hinche 10 070 23 599 29 887 Nord-Est
16. Fond-Parisien 9 171 21 497 Ouest
17. Fort-Liberté 5 012 15 589 21 381 Nord-Est
18. Mombin-Crochu 11 000 19 438 Nord-Est
19. Petit Goâve 7 310 17 135 Ouest
20. Desdunes 8 400 16 217 Artibonite
21. Desarmes 10 132 16 083 Artibonite
22. Léogâne 5 782 13 553 Ouest
23. Trou-du-Nord 7 600 13 430 Nord-Est
24. Ouanaminthe 7 276 12 858 Nord-Est
25. Dessalines 7 984 12 673 Artibonite
26. Saint-Louis-du-Nord 7 203 12 018 Nord-Ouest
27. Saint-Michel-de-l’Atalaye 7 559 11 999 Artibonite
28. Mirebalais 6 096 10 575 Nord-Est
29. Croix-des-Bouquets 4 365 10 232 Ouest

Kjelder

endre
  NODES