C
- Denne artikkelen handlar om bokstaven. For programmeringsspråket C#, sjå C Sharp.
C er den tredje bokstaven i det latinske alfabetet. Han kan representera fleire lydar, særleg /k/ og /s/.
På norsk blir han uttalt som s om han står framfor i, y, æ, ø og som regel framfor e, som k om han står framfor a, o, u og dei fleste konsonantar, og som [ʃ] (sj-lyden) eller [tʃ] om han står framfor h.[1]
Historie
endreFønikisk gaml |
Arabisk ǧīm |
Hebraisk gimel |
Greek Gamma |
Etruskisk C |
Gammal-latin C (G) |
---|---|---|---|---|---|
C har same opphav som bokstaven G. Semittane kalla han gimel. Bokstavteiknet deira er kanskje ei tilpassing av ein egyptisk hieroglyf for ei stav-slynge, som også kan ha vore tydinga til «gimel».
Bokstaven blei gjort om til gamma i det greske alfabetet. På fønikisk og gresk var lydverdien g. Etruskisk hadde ikkje denne lyden og brukte bokstaven for lyden /k/. Den etruskiske bokstaven likna opphavleg på den greske ( i tidleg etruskisk), men blei vend om til ein slags speglvend latinsk C i klassisk etrusksisk ( ) Den latinske forma c tok form i klassisk latin. I tidlege latinske inskripsjonar brukte ein bokstavane C, K og Q til å stå for lydane /k/ og /ɡ/, som ein ikkje skilde mellom i skrift. Q blei brukt til lyden /k/ eller /ɡ/ før ein runda vokal, K framfor A, og elles brukte ein C.[2] Rester av denne bruken finst i latin, når namnet Gaius vert forkorta til C. og Gnaeus Cn. i skrift.
På 200-talet f.Kr. blei det innført ein modifisert utgåve av C for lyden /ɡ/ (G), medan C blei brukt til lyden /k/. Frå og med den klassiske perioden blei G rekna som tilsvarande gresk gamma og C som tilsvarande kappa, noko ein kan sjå i romaniseringa av greske ord som «KAΔMOΣ» (cadmvs), «KYPOΣ» (cyrvs) og «ΦΩKIΣ» (phocis).
Gjennom heile oldtida uttalte romarane C som /k/ føre alle vokallyder. Det forklarer at «caesar» vart lånt inn i germanske språk med k-lyd: «Kaiser» eller «keisar», jamfør også latinsk cellarium (kjellar), cista (kiste) og liknande. Namnet på bokstaven hos etruskarane og romarane var ce, uttalt ke. Først frå tidleg i mellomalderen, vart han uttalt se.
No vert c uttalt føre e og i som tʃ på italiensk, som ustemt s på fransk, som ein lespande s-lyd på spansk omtrent tilsvarande engelsk th, men som s på spansk-amerikansk og på portugisisk og som tʃ på rumensk. Skal ein uttale c som s på fransk og portugisisk føre andre vokalar, skriv ein ç. Uttalen som k føre e og i vert på italiensk uttrykt ved ch, på spansk og portugisisk ved qu. I dei nordiske språka finst c berre i framandord og vert uttalt føre e, i, y, æ og ø som s, elles som k. Dei same reglane gjeld i engelsk, medan c føre e, i, y på tysk vert uttalt ts. I tsjekkisk, polsk, ungarsk, slovensk og kroatisk rettskriving har c lydverdien ts, i tyrkisk dʒ. C med hake, č, vert nytta i slaviske og baltiske språk og i samisk med lydverdien tʃ. Ord som ikkje finst under č, kan søkast under cz, tsch og tsj.
C har tydinga
endre- det kjemiske symbolet til karbon.
- eininga Coulomb, eining for elektrisk lading.
- symbol for elektrisk kapasitans og for varmekapasitet
- tredje beste karakteren (gjennomsnitt) i høgare utdanning
- tonen C
- På tyske bilskilt: Chemnitz
- På irske bilskilt: Cork
- På norske bilskilt frå før 1971: Akershus fylke
- På svenske bilskilt frå før 1973: Uppsala län
- På spanske bilskilt frå før 2000: La Coruña
- Som uoffisielt nasjonalitetsmerke for Catalonia
- forkorting for Gaius eller Caesar, på latin vanlegvis forkorting for Gaius. På romerske innskrifter og myntar er det mellom anna forkorting for Claudius, Caesar, consul og censor.
- i sement-nomenklatur forkorting for kalsiumoksid, CaO.
- inskripsjon på mynt syner på eldre prøyssisk mynt myntstaden Cleve, etter 1866 og på tysk riksmynt etter 1872 Frankfurt am Main. På austerriksk mynt syner C til Praha og på fransk mynt i eldre tid til Saint-Lô, seinare Caen og no Lille.
c har tydinga
endre- centi i til dømes centimeter.
- ofte nytta som symbol for lyssnøggleik og lydsnøggleik.
- konsentrasjon.
- symbol for metrisk karat, 1 c = 0,2 g, masseeining for perler, diamantar og edelsteinar.
- på mynter og frimerke eller liknande er det ei forkorting for cent, centavo eller centime.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «c» i Nynorskordboka., «chablis» og «cha-cha-cha» som uttaledøme.
- ↑ Sihler, Andrew L. (1995). New Comparative Grammar of Greek and Latin (illustrated utg.). New York: Oxford University Press. s. 21. ISBN 0-19-508345-8.
«C – bokstav» i Store norske leksikon, snl.no.
- Delar av denne artikkelen bygger på «C» frå Wikipedia på engelsk, den 19. februar 2015.