Campus er ei nemning som har vore teke i bruk på norsk i seinare tid om eit område der eit universitet eller ein høgskule har bygningane sine. Eit universitet eller ein høgskule kan ha fleire område som vert omtala som campus. Til dømes har Universitetet i Oslo mellom anna ein campus på Blindern i Oslo, der hovudmengda av universitetsbygningane ligg, og ein campus i sentrum av Oslo med dei opphavlege universitetsbygningane og andre lokale.

Nemninga campus skriv seg frå latin (open plass), men er innført i norsk frå engelsk, og vert vanlegvis uttala på engelsk vis.

  NODES
os 3