Caracas er hovudstaden i Venezuela, og har rundt 1,7 millionar innbyggjarar, 3,6 millionar medrekna byar og tettstader omkring (2004). Byen ligg nord i landet, nær det karibiske havet.

Caracas
by
Land  Venezuela
Areal 776 km²
Folketal 2 245 744 (2017)
Kart
Caracas
10°30′00″N 66°56′00″W / 10.5°N 66.933333333333°W / 10.5; -66.933333333333
Wikimedia Commons: Caracas

Caracas er fødebyen til Francisco de Miranda og El Libertador, Simón Bolívar.

Statue av Simón Bolívar i Caracas.
Utsyn over dei fattige områda av Caracas, Los barios.

Historie

endre

Byen blei grunnlagd i 1567 under namnet Santiago de León de Caracas av den spanske oppdagaren Diego de Losada.

Eit jordskjelv jamna han med jorda den 26. mars 1812. Styresmaktene i byen hevda at dette var Gud si straff mot dei som gjorde opprør mot den spankse krona.

Med aukande oljeutvinning i Venezuela i første halvdel nittenhundretalet voks byen som økonomisk senter. Han var òg eit knutepunkt for trafikken mellom Europa og Sør-Amerika. Ei tid hadde mellom anna overlydsflyet Concorde ei flyging i veka til Caracas.

Byen har to store fotballstadionar: Olympiastadion, med plass til 35 000 tilskodarar, og Brigido Iriarte Stadion, med plass til 25 000.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Caracas
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  NODES