Vev er ei organisert samling celler, men ikkje fullt så gjennomorganisert som eit organ. Me skil mellom fleire ulike typar vev. Hovudklassane er epitel, bindevev, feittvev, brusk, bein, blod, muskelvev og nervevev. Desse vert klassifisert ut av informasjon om mellom anna typeceller, mellomcellesubstans, cellekontaktar, fiber og vaskularitet:

  • Epitel har lite mellomcellesubstans og fibrar, men mange cellekontaktar.
  • Bindevev har ein omfangsrik mellomcellesubstans, mange fibrar og er godt vaskularisert.
  • Brusk er ikkje vaskularisert og har ein rik mellomcellesubstans.
  • Bein er veldig godt vaskulariserte og har lite mellomcellesubstans, men mange fibrar og eit organisert nettverk av cellekontaktar.
  • Blod er veldig vaskulær (per definisjon) og mellomcellesubstansen er veldig flytande.
  • Musklar er veldig godt vaskulariserte og har ikkje mellomcellesubstans, men er ofte perforerte av bindevev.
  • Nervevev er nervevev.
    Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  NODES