Sir Christopher Frank Carandini Lee (fødd 27. mai 1922 i London, død 7. juni 2015 i London) var ein engelsk skodespelar. Han hadde sentrale roller i m.a. filmatiseringa av Ringdrotten, to Star Wars-filmar og han har portrettert Dracula. Lee vart adla av Prins Charles i 2009.

Christopher Lee

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 27. mai 1922
Belgravia
Død

7. juni 2015 (93 år)
Chelsea and Westminster Hospital, London

Yrke skodespelar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, skribent, stemmeskodespelar, karakterskodespelar, militær, teaterskodespelar, filmprodusent, orator, fotograf, SOE agent, produsent, offiser, songar
Språk fransk, engelsk, tysk, italiensk, spansk, russisk, svensk, gresk
Høgd 194 centimeter
Far Geoffrey Trollope Lee
Mor Estelle Maria Carandini
Ektefelle Birgit Kroencke
Nettstad http://www.ChristopherLeeWeb.com/index.php
Christopher Lee på Commons

Karriere

endre

Film- og fjernsynskarrieren til Christopher Lee tok til i 1946 og varde heilt til slutten av livet hans. Han portretterte oftare "mørke" roller enn helteskikkelsar. Til dømes spela han vampyren Dracula i fleire filmar, spela rolla som Frankensteins monster, Rochefort i Dei tre musketerane, skurkerolla i James Bond-filmen Mannen med den gylne pistol og Count Dooku i Star Wars episode II og III. Ei av dei siste rollene Lee spela var som den maktlystne trollmannen Sarumann i Peter Jackson sin filmtrilogi av Hobbiten; den same rolla som han hadde spela i Ringdrotten-trilogien. Christopher Lee var også ein dyktig stemmeskodespelar.

I tillegg til skodespelarkarrieren var Christopher Lee musikar og gav ut fleire heavy metal-album.

Kjelder

endre
  NODES
INTERN 1