Clark «Mumbles» Terry (fødd 14. desember 1920 i St. Louis i Missouri, død 21. februar 2015) var ein amerikansk jazztrompetist, flygelhornist, bandleiar og komponist.

Clark Terry

Fødd14. desember 1920
FødestadSaint Louis
Død21. februar 2015 (94 år)
DødsstadPine Bluff
OpphavUSA
Aktivukjend verdi–2015
Sjangerjazz, swing-jazz, bebop, hard bop, crossover jazz
InstrumentFlygelhorn, trompet, vokal
PlateselskapImpulse!, Prestige, Candid Records
Verka somkomponist, trompetist, låtskrivar, orkesterleiar, musikkpedagog, jazzmusikar, songar, brass player
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, Officier des Arts et des Lettres, Charles E. Lutton Man of Music Award, Paul Acket Award, ridder av Ordre des Arts et des Lettres, NEA Jazz Masters, BBC Jazz Awards
Clark Terry, 1976
Clark Terry, 2002
Great Lakes Navy Band Jazz Ensemble

Han var kjend for ein varm tone og evna til å spele ei lang rekke artikulasjonsnyansar berre med leppene, altså utan bruk av ventilar. Dette influerte Miles Davis og ei mengd andre trompetistar. Klangideane hans gjorde at han vende seg til flygelhornet, eit instrument han beherska på ein meisterleg måte og som i større grad blei akseptert i jazzmusikken på grunn av Terry.

Terry var verksam både som bandleiar og som solist. Han komponerte over 200 songar, underviste og skreiv fleire bøker. Han blei nominert for Grammy tre gonger og i 2010 fekk han Grammy i kategorien Lifetime Achievement Award. Han har fleire æresdoktorat og ein plass i Kansas City's Jazz Hall of Fame.

På 1970-talet spelte han med skandinaviske musikarar i det norske Bodega Band (1972), Arne Domnérus, Mads Vinding og Lennart Åberg. Han har spelt på Oslo Jazzfestival (Cosmopolite i 1999 og Kulturkirken Jakob i 2004).

Diskografi i utval

endre
  • Serenade to a Bus Seat (OJC, 1957)
  • Duke with a Difference (OJC, 1957)
  • In Orbit (OJC, 1958)
  • Top and Bottom Brass (OJC, 1959)
  • Color Changes (Candid, 1960)
  • Mellow Moods (Prestige, 1961)
  • Live at the Wichita Jazz Festival (Vanguard, 1974)
  • Live at Montmartre, 1975 (Storyville, 1975)
  • Live in Chicago, Vol. 1+2 (Monad, 1976)
  • Intimate Stories (Challenge, 1978)

Publikasjonar

endre
  • Let's talk trumpet. From legit to jazz. Phil Rizzo, Creative Jazz Composers, Bowie (Maryland) 1973, Musikpartitur: Studien und Etüden, ca. 100 S., (siehe Homepage von C. Terry)
  • Clark Terry's System of Circular Breathing for Woodwind and Brass Instruments. Terry-Rizzo, Cleveland (Ohio) 1976, 8 S.
  • The Interpretation of the jazz language. Phil Rizzo, Cleveland 1977, 209 S.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  NODES
Idea 1
idea 1