Claude Garamond (kring 14901561) var ein fransk fontskapar og kongeleg boktrykkar i Paris.

Claude Garamond

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 1499
Paris
Død

1561 (62 år)
Paris

Yrke typograf, trykker
Språk fransk
Claude Garamond på Commons

Garamond var sannsynlegvis lærling hos fontmakaren Antoine Augereau. Seint på 1520-talet vart Claude Garamond kontakta av parisaren og boktrykkaren Robert Estienne, som ønskte ein font i antikva. Desse typane vart sett for første gong i Paraphrasis inn Elegantiarum Laurentii Vallae. Claude Garamond sine former er ei vidareutvikling av typane skapa av Aldus Manutius i Bologna, kalla Griffo. Matrisene og patrisene til Garamond finst no i Plantin-Moretus Museum i Antwerpen og dessutan ved Imprimerie nationale i Paris.

Kjelder

endre
  NODES