Clifford William Jones (fødd 7. februar 1935) er ein walisisk tidlegare fotballspelar frå Swansea som i 1961 vart engelsk dobbeltmeister med Tottenham Hotspur og i 1963 vann cupvinnarcupen.

Cliff Jones
Cliff Jones i 2010
Personleg informasjon
Fullt namn Clifford William Jones
Fødd 7. februar 1935 (89 år)
Fødestad Swansea i Wales
Høgd 170 cm
Posisjon Høgrevinge
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1952-1958 Swansea Town 168 (47)
1958-1968 Tottenham 318 (135)
1968-1970 Fulham 25 (2)
1970-1971 King's Lynn 
Landslag
1954-1969 Wales 59 (16)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Klubbspel

endre

Høgrevengen Jones spelte på andredivisjonslaget Swansea City frå 1952. I 1958 vart han overført til fyrstedivisjonslaget Tottenham i London mot 35 000 pund. Han var ein sentral spelar på Tottenham-laget som i 1961 vart historisk då det som det fyrste laget vann både ligaen og FA-cupen i England. Året etter vann Jones og Tottenham forsvarte FA-cuptittelen med finalesiger 3-1 over Burnley FC. Den 15. mai 1963 møtte så Tottenham spanske Atlético Madrid på Feijenoord stadion i Rotterdam til kamp om cupvinnarcup-pokalen. Der imponerte Tottenham stort og vann heile 5-1. Etter ti år med Tottenham avslutta han ligafotballen 1968-70 hos Fulham FC og i 1969 nedrykk til 2. divisjon.

Landslagsspel

endre

Jones var walisisk landslagspelar frå mai 1954 til juli 1969. Han spelte 59 kampar og skåra 16 mål. Den 22. oktober 1955, i sin andre landskamp, skåra han det andre målet då Wales slo England 2-1 framfor 60 000 tilskodarar på Ninian Park i Cardiff. Han spelte alle fem kampane til Wales under VM i fotball 1958 i Sverige, ein meisterskap der Wales rauk ut etter kvartfinalen mot komande verdsmeister Brasil, 17-åringen Pelé skåra det einaste målet i kampen.

Merittar

endre
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1963 med Tottenham
  • Engelsk ligameister: 1961 med Tottenham
  • Vinnar av FA-cupen: 1961 og 1962 med Tottenham

Kjelder

endre
  NODES
os 2