Connacht (irsk Cúige Chonnachtae) er ein av dei fire provinsaneIrland. Han ligg vest på øya og i Republikken Irland og består av grevskapa Galway, Leitrim, Mayo, Roscommon og Sligo.

Connacht
Cúige Chonnachta
provins
Symbol
Land  Irland
Areal 17 788 km²
Folketal 542 547 (2011)
Kart
Connacht
53°47′N 9°03′W / 53.78°N 9.05°W / 53.78; -9.05
Kart som viser Connacht.
Kart som viser Connacht.
Kart som viser Connacht.
Wikimedia Commons: Connacht

Dei største byane er Galway i sør og Sligo i nord. Han har like over 540 000 innbyggjarar og er det minste av dei fire provinsane.

Provinsen har fleire Gaeltacht-området, der irsk språk er utbreidd, vest i Mayo og Galway.

Det høgaste punktet i Connacht er Mweelrea på 814 meter over havet i Mayo. Den største øya er Achill, som òg er den største av alle øyane utanfor Irland. Den største innsjøen er Lough Corrib.

Fram til tidleg historisk tid vart området kalla Cóiced Ol nEchmacht. Connacht var eit kongedøme i mellomalderen og kongar vart offisielt innsett fram til seint på 1600-talet. Den herskande O'Conor Don-familien har overlevd fram til i dag.

«Republikken Connaught» eksisterte ei kort stund i 1798 med fransk militærstøtte.

Den einaste større byen i Connacht er Galway. Den nest største byen er Sligo.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Connacht
  NODES