County Down (irsk Contae an Dúin eller berre An Dún)[2] er eit av seks grevskap i Nord-Irland nordaust på Irland i provinsen Ulster. Etter omlegginga av lokalstyret i Nord-Irland har det ikkje lenger noko administrativ funksjon, og er i den samanheng erstatta av distrikt. Den tradisjonelle administrasjonsbyen er Downpatrick.

Down
An Dún
county
Land  Storbritannia
Provins Ulster
Del av Nord-Irland
Hovudstad Downpatrick
Areal 2 448 km²
Folketal 531 665 (2011)[1]
Kart
County Down
54°22′N 5°56′W / 54.36°N 5.94°W / 54.36; -5.94
Kart som viser County Down.
Kart som viser County Down.
Kart som viser County Down.
Wikimedia Commons: County Down

County Down grensar til Armagh i vest og Antrim i nord. I sørvest ligg Louth i Republikken Irland, medan Irskesjøen ligg mot aust og i sør.

Mournefjella omfattar mellom anna Slieve Donard, som er det høgaste punktet i Nord-Irland med 848 moh.. Ved ein annan topp, Slieve Croob har elva Lagan sitt utspring. Ei anna elv som renn gjennom grevskapet er Newry.

Ein del av Down er kjend som Brontë Country, etter Patrick Brontë, faren til Anne, Charlotte og Emily Brontë, som vart fødd i området.

Byar og landsbyar

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.populationu.com/uk/northern-ireland-population.
  2. «An Dún». Placenames Database of Ireland – logainm.ie. Henta 30. november 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: County Down
  NODES
admin 2