Dadra og Nagar Haveli
Dadra og Nagar Haveli er eit distrikt i Dadra og Nagar Haveli og Daman og Diu i India. Det er sett saman av Nagar Haveli, eit lite område mellom Maharashtra og Gujarat og Dadra, ein enklave i Gujarat. Dadra og Nagar Haveli var tidlegare eit eige forbundsterritorium med Silvassa som hovudstad. Det blei slått saman med Daman og Diu til eit nytt territorium den 26. januar 2020.[2]
Dadra og Nagar Haveli | |||
forbundsterritorium | |||
Forkorting: IN-DN | |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Areal | 491 km² | ||
Folketal | 343 709 (2011)[1] | ||
Grunnlagd | 11. august 1961 | ||
Tidssone | UTC 5:30 | ||
Domene | .in | ||
Dadra og Nagar Haveli 20°16′N 73°01′E / 20.27°N 73.02°E | |||
Kart som viser Dadra og Nagar Haveli.
| |||
Wikimedia Commons: Dadra and Nagar Haveli district |
Geografi
endreOmrådet er åslendt, og rundt 40 % av territoriet er skogdekt. Austdelen ligg nær Dei vestlege Ghatfjella, og kan nå høgder opptil 300 moh.[3]
Damanganga er den einaste større elva i territoriet. Ho renn frå Maharashtra nordvestover til hamnebyen Daman.
Folkesetnad
endreTerritoriet omfattar rundt 70 landsbyar. Dei fleste innfødde bur på landsbygda. Rundt 80 % av dei er rekna som urfolk (adivasiar). Det blir snakka fleire språk i området, mellom anna varli, dhodia og konkani. Gujarati og marathi er vanlege som andrespråk.[3]
Jordbruk, ofte på oppbygde terrasar, er den viktigaste næringsvegen i territoriet. Ein dyrker særleg ris og korakan (ragi eller fingerhirse, Eleusine coracana). Andre viktige vekstar er kveite og sukkerrøyr.[3]
Historie
endreDadra og Nagar Haveli var lenge under radjputstyre. Nagar Haveli blei del av Marathariket, men begge områda kom under portugisisk herredøme i 1780-åra. Indisk-portugisiske nasjonalistar tok kontroll over først Dadra og så Nagar Haveli i juli/august 1954, og sette opp eit pro-indisk styre. Dei to områda blei gjort til eit felles unionsterritorium i India 11. august 1961.[3]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.censusindia.gov.in/pca/DDW_PCA0000_2011_Indiastatedist.xlsx.
- ↑ Staff, The ID (4. desember 2019). «Dadra & Nagar Haveli and Daman & Diu UTs merge for 'better admin efficiency, service': MoS Home». Indus Dictum. Arkivert frå originalen 11. november 2021. Henta 5. desember 2019.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 «Dadra and Nagar Haveli» (2015), Encyclopædia Britannica. Lesen 13. februar 2015.